VIL SLÅ REKORDEN: Russen ved Årdal vidaregåande skule skal samla inn pengar til kreftforeninga onsdag. Dei håpar å samla inn 130.00 kroner. F.v: Russepresident Jesper Lågøen Øvstetun, visepresident Joachim Furset, Mari Beate Yndestad, aksjonssjef og Marit Lovise Rode, aksjonssjef.
VIL SLÅ REKORDEN: Russen ved Årdal vidaregåande skule skal samla inn pengar til kreftforeninga onsdag. Dei håpar å samla inn 130.00 kroner. F.v: Russepresident Jesper Lågøen Øvstetun, visepresident Joachim Furset, Mari Beate Yndestad, aksjonssjef og Marit Lovise Rode, aksjonssjef. (Foto: Sunniva Knutsen)

Årdalsrussen håpar å samla inn sekssifra sum til kreftforeninga

– Me vil jo sjølvsagt slå fjorårets russ sin rekord. Litt vennleg konkurranse må jo til, seier aksjonssjefane Mari Beate Yndestad og Marit Lovise Rode og ler.

Årdal: Onsdag ettermiddag skal russen gå med bøsser rundt i Årdal til inntekt for Krafttak mot kreft.

Då Porten.no møter russen tysdag er dei i full sving med førebuinga, og dei to aksjonssjefane har målet klart for aksjonsdagen.  

– Me må slå russen frå i fjor, dei fekk inn 119.000. Målet vårt er 130.000 til saman av det me får inn kontant, på Vipps og via digital innsamling. Me slo fjorårets russ med loppemarknad, så me bør klare å slå dei på aksjonsdagen òg, seier Marit Lovise Rode. 

Skal nå heile Årdal 

Russepresident Jesper Lågøen Øvstetun, visepresident Joachim Furset og dei to aksjonssjefane har strategien klar for korleis dei skal nå målet. 

I tillegg til å vera smilande og imøtekomne bøssberarar, skal russen nå alle bustadene i Årdal.

– Me har organisert oss godt og passa på at det kjem nokon på dørene i heile Årdal. Øvre Årdal, Årdalstangen, Seimsdalen og Vikadalen er med i reknestykket, seier russepresident Lågøen Øvstetun. 

Mykje arbeid

Aksjonssjefane fortel at dei har det veldig kjekt saman når dei har jobba med aksjonsdagen, men innrømmer at det har vore ein mykje arbeid. 

– Det har vore meir arbeid enn me trudde, me trudde nok det ville vera enklare. Men det har gått bra, og me er veldig spente på morgondagen, seier Rode. 

– Det har vore mykje planlegging og dialog med kreftforeninga. Me synst det var veldig viktig å vera med på Krafttak mot Kreft. 70% av alle inntektene til prosjektet kjem frå russen i landet, det er veldig kult, seier Yndestad. 

Onsdag ettermiddag skal russen gå med bøsser til alle dører i Årdal, og dei oppmodar alle om å ha kontantar klare, eller å bidra med å vippsa til vippskode 451021. 

–Me håpar å få inn mykje pengar. Det går til ei veldig god sak, seier Yndestad.

Til toppen