Årdal: – Me har satt eit mål på 100 000 kroner, men det hadde sjølvsagt vore heilt fantastisk å slå russen frå i fjor, seier Tobias Røneid, russepresident på Årdal vidaregåande skule.
Forrige russekull samla inn 116 000 kroner til Kreftforeningen, og sjølv om årets kull er litt færre elevar håpar dei likevel å kunna slå dei.
– Eg har sagt det er obligatorisk oppmøte, så me blir vel 40-45 stykker som skal gå å samla inn, seier Røneid.
Russepresidenten synest denne dagen er viktig, og håpar all russen vil prioritera dette.
– Det har blitt ein tradisjon å gå i Årdal kvart år. Dette er det viktigaste russen gjer, seier han.
Håpar folk vel å vera heime
Røneid har kontakta kommunen for å få tak i rodekart, sånn at han kan dela inn kor elevane skal gå for å dekka heile Årdal. Han håpar at fleire veit at dei kjem og kanskje veljer å vera heime den ettermiddagen.
– So lenge folk får auga opp for at me kjem 11. mars, så trur eg folk er villige til å gje ein del. Akkurat med tanke på kreft er det mange som er pårørt, seier han.
Visst ein ikkje er heime har Årdal vidaregåande skule eit eige vippsnummer ein kan senda pengar til òg.