ÅRDALSRUSSEN: Endre, Ida og resten av årdalsrussen gler seg til å ta fatt på russetida. Foto:Kaja Nygård
ÅRDALSRUSSEN: Endre, Ida og resten av årdalsrussen gler seg til å ta fatt på russetida. Foto:Kaja Nygård

Årdalsrussen starta russetida med Krafttak mot kreft

Russen har mange tradisjonar knytt opp til russetida. Dei gler seg til å ta fatt, og kan stolt fortelje at dei allereie har utført innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft. 

Årdal: Årdalsrussen er no klare for russetida, og gler seg til ein fin avslutning på skulegongen. Etter sommarferien startar dei på nye eventyr,  nokon vidare på skule, medan andre tek til i militære eller jobb.

- Me håpar at russetida blir veldig bra, og at me får eit godt fellesskap, seier raudruss Ida Jevnaker.

Dei har forventingar til russetida, men innsamlingsaksjonen deira viser at årdalsrussen ikkje berre tenkjer på fest og moro.

Krafttak mot kreft

Ida fortel at innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft kan kallast ein russeknute, då dette har vore tradisjon for årdalsrussen i mange år. Russen på Årdal vidaregåande skule er veldig stolt av å ha ein slik tradisjon.

Innsamlingsaksjonen mot kreft har dei allereie utført og innsamlinga var veldig vellukka.

-Innsamlingsaksjonen gjekk veldig bra. Me klarte å samle inn meir enn det dei gjorde i fjor, og det var eit av måla me hadde, seier russepresident Endre Kauppi.

-Til saman klarte me å samle inn 90 744 kroner, som skal gå til Krafttak mot kreft. Dette klarte me å samle inn på berre ein dag, så det er me veldig stolte over, seier Ida.

Ungane får besøk av russen

Årdalsrussen skal ha vatndag både på Farnes skule og Tangen skule. Dette er ein tradisjon, som går ut ut på at russane reiser på skulane for å ha vatnkrig med ungane.  Dei har også med seg dei populære russekorta, som dei deler ut.

- I tillegg til vatndag skal me besøke dei ulike barnehagane. Russen skal dele seg inn i grupper og besøke den barnehagen dei gjekk i då dei var små, fortel Endre.

Russeknutar og russeavis

Inga russetid utan russeknutar, russen i år har starta si innhenting av knutar.

-Russeknutane er ein tradisjon som me vil halde på. Me har sett på dei russeknutane som dei hadde i fjor og plukka ut dei me vil ha, seier Endre.

Ida legg til at russeavisa deira snart kjem for sal.

 -Folk må gleda seg til russeavisa vår kjem, for me trur den vil bli veldig bra, seier Ida.

Årdalsrussen har lang fartstid med å lage russeavis, der blant anna russen blir presentert.  

- Me har jobba lenge med denne russeavisa, men det er heilt klart verdt det. Me håpar at folk likar den og synes den er morosam å lese, avsluttar ho.

 

Til toppen