Årdal: – Det er heilt fantastisk. Me står opp fyrste dagen i det nye året og so har me dei gode skiforholda, seier Ulrik Ibsen.
Han er fødd i Danmark, og kom til Årdal fyrst då han var eit stykke opp i ungdomsåra.
– På Årdalstangen var det som å vera i Danmark i dag tidleg, med regn og sludd og austavind. So køyrer eg opp her på eit kvarter, so er det heilt vindstille og snø. Det er heilt suverent.
Han var snar med å kjøpa seg ski etter at han kom til bygda i 2004, og no er han ein endå ivrigare skigåar enn kona, årdølen Hanne Stedje.

Men også Stedje er ivrig, og skryt av kor fint det har vore å gå på ski her oppe i romjula. Og no set ho òg pris på å starta det nye året i kvitt vinterlandskap.
– Me går inn på ÅTIL sine nettsider, og der er det ein link til eit fjellkamera. So ser me kva for vêr og vindstyrke det er i Ofredalen. Det er ofte betre vêr her enn på Tangen. Det ligg i le her oppe. Me såg det var gode forhold i dag, seier Stedje.
Ikkje alle søkte seg til Ofredalen for å stå på ski
Den kanskje yngste som var ute i skogane i Ofredalen fyrste dagen i året, var vesle spedbarnet Edvin. For han var det pulk som galdt. Juraj Chmelar hadde teke vesle sonen sin med. Chmelar planlegg å gå ei sløyfe på ti kilometer to gonger med Edvin på slep.
– Han søv godt so lenge eg ikkje stoggar opp, seier Chmelar.
Når han vaknar, gjev han lyd frå seg med same.
– Då fer me rett heim att og lyt få oss mat begge to, humrar han, og forsikrar at Edvin har det godt og passeleg varmt i pulken.

– Korleis er det å starta det nye året ute i det fri her oppe?
–Det er flott å vera her ofte. Det er fantastiske forhold i dag når det er litt under null, det er perfekt. Det er ikkje so viktig kva dag i året det er. Men det er no godt å starta året ute.
Det var fleire enn spedbarnet som skreid fram på andre farkostar enn ski denne nyttårsdagen. Fire born aka i brattbakken attmed Aosahytta i Ofredalen.
Men no hadde dei ein pause og drikk varm toddy på ein benk. Dei seier dei tykkjer det er ein veldig moro måte å starta det nye året på. Dei synest akebrett er endå gøyare enn ski.
