START: Magne Vikøren under opningssermoni til ungdoms-OL på fredag. OL-flammen vart tent av prinsesse Ingrid Alexandra. Foto: Privat
START: Magne Vikøren under opningssermoni til ungdoms-OL på fredag. OL-flammen vart tent av prinsesse Ingrid Alexandra. Foto: Privat

Årdøl arrangerar Norge sitt fyrste Ungdoms-OL på Lillehammer

Magne Vikøren er kommunikasjonsansvarleg under dei olympiske vinterleikene for ungdom.

For tre og eit halvt år sidan hanka 38-åringen frå Årdal inn det han beskriv som ein "sjanse ein berre får ein gong i livet". 

Etter å ha jobba som kommunikasjonssjef for Norsk Tipping i ei årrekkje i Lillehammer, tok årdølen ein heilmomvendig då Norge fekk tildelt ungdoms-OL.

- Eg såg at OL-ringane skulle komme tilbake til Lillehammer og tenkte at dette var ein altfor spennande moglegheit til at eg kunne sjå at nokon andre skulle gjera jobben, seier Vikøren til Porten.no

Då telefonen om jobbtilbod som kommunikasjonsdirektør for dei norske OL-leikane kom, var ikkje Vikøren vond å be.

Forma eit splitter nytt OL-konsept

Magne Vikøren var ein av dei fyrste som vart tilsett til å vera med å skapa Norge sitt fyrste ungdoms-OL. Konseptet er endå svært ferskt og vinterleikane for ungdom har berre blitt arrangert ein gong før, den gong i Austerrike.

- Eg valde å hoppa av jobben min i Norsk Tipping fordi eg fekk eit interessant tilbod om å vere med å skapa noko heilt nytt frå starten av, seier Vikøren.

Det var i september 2012 at Vikøren og ei handfull andre starta å planleggje vinter OL for ungdom i eit lite rom med sine eigne PC-ar.

- Fram til opningssermonien på fredag har det skjedd mykje. Det har vore enormt mykje jobbing og vanvittig mykje læring, seier han.

Elden vart igjen tent på Lillehammer

Det var ein høgtidleg og kongeleg opningssermoni på fredag, då sjølvaste prinsesse Ingrid Alexandra tente OL-elden og dermed opna årets vinterleikar. 

- Kjensla då elden vart tent var heilt uverkeleg. Jøss, no er vi faktisk i gong, tenkte eg.

Like etter at Norge fekk tildelt Vinter OL, vart det etablert ein organisasjonskomité som hadde som oppgåva å definera grunnsteinane i OL 2016.

- Kven er dette, korleis skal det vere og kva skal vi leggje vekt på? Vi var ei gruppe på fire stykk som skulle finne ut av alt dette. Det at vi skulle inkludera unge menneske i avgjerslane var vårt mantra frå dag ein, seier han.

Magne Vikøren i Lillehammer under Vinter Ol for ungdom 2016.

- Vi ville ikkje berre bruke unge som eit alibi, men gje ungdom ein arena til å vakse og lære på. Eg føler at vi lukkast bra med det, seier Vikøren.

Under opningssermonien var det 3200 frivillige til stades der 57 prosent var under 30 år og 800 var under 20 år.

- Slike tal gjer meg ekstra stolt. Leikane er av og for dei unge. Sjølv er eg fire år eldre enn gjennomsnittsalderen av dei som er med, seier Vikøren lattermildt.

Dei frivillige er delt inn i grupper der det er minst ein, litt eldre med erfaring.

- Ungdommane er på lag med nokre som har vore ute ein vinterdag før. Slikt er bra for læringa, seier Vikøren.

Lang fartstid

Magne Vikøren er opphavleg frå Årdal og flytta for fyrste gong ut frå bygda i 1997 for å gjennomføra militærteneste.

Deretter reiste han heim igjen for å spare seg opp lit peng slik at han kunne reise på verdsomsegling.

- Backpacking var ganske populært på slutten av 1990-talet, seier han.

Etter det budde Vikøren Bergen, Volda, Oslo og enda til slutt på Lillehammer.

- Når ein fyrst hamnar i innlandet, er det stas å få besøk av det store utlandet. Denne regionen har vakse noko enormt dei siste åra. Det er fristande å bli kasta med på det som skjer, seier Vikøren.

Tilbake til den brutale verklegheita

Vinter Ol for ungdom varar fram til 21. februar. Vikøren skal halde fram å jobba i eit par månadar etter det med å ferdigstilla prosjektet.

- Det er ein del rapportering og oppsummeringar som må gjerast. Så er planen å såva litt og bli kjend med familien og vennene igjen. Deretter er det tilbake til den brutale verkelegheta. Når det er slutt, er det slutt, konkluderar han.

Tiden vil berre visa kva nye prosjekt Vikøren skal ta fatt på etter at dei olympiske leikane tek slutt. Han spår at det mest truleg blir noko innan media og marknadsføring.

- Det blir ikkje heimatt til Årdal med det fyrste, sjølv om det hadde vore stas. Eg ser diverre ikkje heilt kva eg skulle ha jobba med, seier han.

Verdas media for sine føter

Medan Porten.no snakkar med Vikøren, står han i 2. eteasje på eit senter i Lillehammer med 820 ulike nyheitsorganisasjonar som vil ha ein kommentar frå årdølen.

- NBC News, BBC, AL Jazeera og TV2 er her for å dekkje leikane. NRK sender direkte, så eg oppfordra alle heime i Sogn til å skru på kanalen å følgje med på kva som skjer, seier Vikøren. 

Under opningssermonien var det heile 13.000 menneske til stades. Det blir travle dagar i vente for årdølen.

- I starten forstod ikkje folk heilt kva vi dreiv med. No føler eg at vi har fått fram bodskapen. Det har lenge vore eit motbakkeløp, men no flyt vi heldigvis i nedoverbakke, seier han.

Ungdommar mellom 15 og 18 år kan delta i Ungdoms-OL. Det er utøvarar frå 71 nasjonar til stades på Lillehammer denne veka. 

- Dei deltek i dei vanlege OL-grenene, men vi har også lagt inn nokre heilt nye øvingar. Til dømes langrenn-cross og ferdigheitskonkurranse i ishockey. Her kan kvar einskild ta OL-gull i ein lagsport, seier han.

Utøvarar kan konkurrera om kven som skyt pucken hardast i mål og kven som er raskast på skøyter.

- Vi er med på å utvikle idretten og håpar sjølvsagt nokre av dei nye grenene etter kvart blir teken med i dei vanlege OL-arrangementa, avsluttar Vikøren før han må springje vidare.

Til toppen