30 STILLINGAR: Kampanjen til Innovangsjon går ut på ei felles annonsering av alle ledige stillingar i Vang kommune. Den utflytta årdølen Dag Inge Bruflot står bak prosjektet. Foto: Innovangsjon SA
30 STILLINGAR: Kampanjen til Innovangsjon går ut på ei felles annonsering av alle ledige stillingar i Vang kommune. Den utflytta årdølen Dag Inge Bruflot står bak prosjektet. Foto: Innovangsjon SA

Årdøl bak storstilt prosjekt

Målet for den lille fjellbygda Vang i Valdres er å auke innbyggartalet med nær 100 personar i løpet av fire år. Bak prosjektet står den utflytta årdølen Dag Inge Bruflot.

Etter ei kartlegging av næringslivet og innbyggarane i Vang, har Bruflot og Innovangsjon SA funne det dei meiner er løysinga på utfordringane knytt til arbeidskraft og befolkningsvekst. 

Bruflot fortel at næringslivet har for mykje å gjere, men at stillingsutlysningar dei har gjort på eiga hand ikkje har ført fram. 

Prosjektet til Innovangsjon SA går ut på ei felles annonsering av alle ledige stillingar i Vang, og håpar det vil vekke interessa til fleire.

Enklare og meir tilgjengeleg

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk og næringsutvikling i Vang, og det er dei som har satt seg det hårete målet om å bli 1724 innbyggarar innan 2020.

Årsaken til at Bruflot realiserte ideen om felles annonsering av jobbar, er at dei ulike utlysningane til ein kvar tid er tilgjengelege for alle. 

– Det vil vera enklare å få til dømes familiar til å søke seg til Vang, sidan alle ledige stillingar er synlege på samme tid, seier Bruflot.

Blomstrar

I den lille fjellbygda har utviklinga blomstra i fleire år, og kommune og næringsliv har auka mangt eit tilbod til bygda. Dei har blant anna ny barne- og ungdomsskule som er tilknytta fleirbrukshall og terapibasseng, og med ledige plassar i barnehagen, ligg alt til rette for at Vang kan få mange nye tilflyttarar dei neste åra. 

Dag Inge Bruflot byrja som næringsutviklar i Innovangsjon SA september i fjor, og har med dette prosjektet satt lista for den vidare utviklinga i Vang.

Til toppen