Årdal: Snart rullar ein ny sesong av Ex on the beach over norske TV-skjermar.
Debutsesongen i fjor vart ein stor sjåarsuksess. Samstundes har realityserien fått kritikk for å spela for mykje på sex, nakne kroppar, festing og konfliktar.

– Sesong éin var jo heilt sjuk, så me må berre toppa det. Dette skal bli titusen gongar betre. Eg håper det blir endå drøyare, seier Victoria Øren Hammer (21) til VG.
Vil bruka dialekten som våpen
Til Se og Hør fortel ho at ho jobba som servitør i Oslo då ho vart rekruttert til programmet i fjor.
– Då kjente eg meg ikkje klar. Men no er eg det, og då køyrer me på med sesong to. Eg har vakse mykje på eitt år. Eg var litt introvert før, men føler eg har blomstra, seier ho.
Innspelinga føregår på den afrikanske øya Mauritius. Konseptet er at fire gutar og fire jenter skal prøva å finna kjærleiken i eit ferieparadis, medan ekskjærestane deira blir introduserte éin etter éin for å skapa ekstra dramatikk.
Hammer fortel at ho har planar om å bruka dialekten til å sjarmera.
– Eg blir nok den som kan spreia mykje glede og få andre til å le. Eg er gira på fest, og deler ut shots til alle. Men eg trur den serien her kan få fram dei verste kjenslene i meg, seier ho til seher.no.