VOLDSOM DRIVKRAFT: Det er ikkje noko å seia på arbeidsdrivkrafta til Roger Øvstetun frå Årdal. Han har kombinert teknisk og praktisk kompetanse med kompetanse innan design i arbeidet sitt, og i tillegg hatt teft med det han har satsa på.
VOLDSOM DRIVKRAFT: Det er ikkje noko å seia på arbeidsdrivkrafta til Roger Øvstetun frå Årdal. Han har kombinert teknisk og praktisk kompetanse med kompetanse innan design i arbeidet sitt, og i tillegg hatt teft med det han har satsa på.

Årdøl i spissen for rekordlevering innan utaskjærsbransjen

Avdelinga han er leiar for har selt ei kranblokk til eit stort utanlandsk firma. Ho overgår alle andre kranblokker levert av noko norsk firma. 

Bergen/Årdal: – Eg byrja som sveisar og platearbeidar på Årdal Stålindustri, og då eg var ein 23-24 år gamal fór eg til Bergen og byrja på ei maskinteknikkline på Tekniske fagskule, fortel Roger Øvstetun frå Årdal.

I Bergen tok han fagbrev som platearbeidar. 

Ikkje lenge etter at han hadde kome inn i det tekniske fagmiljøet i Bergen, byrja han å jobba på blikkvalseverket, før han gjekk over til å jobba for Statoil. 

Medan han var i full jobb hjå Statoil, starta han eit eige selskap som dreiv med industridesign og arkitekttenester. 

Kombinerte to ulike karrierevegar: 

– Korleis kunne det ha seg at du som var platearbeidar og maskinteknikar starta eit design- og arkitektselskap?

– Eg er veldig oppteken av design, anten det gjeld industriell design eller teikningar av hus, svarar Øvstetun. 

REKORDLEVERINGA: Roger Øvstetun har hatt ansvaret for designen og utviklinga av denne kranblokka, som skal gjera tunge lyft utaskjærs. Det er avdelinga han er leiar for i Laksevåg i Bergen som produserer heile produktet frå A til Å. Blokkrana er større og kan gjera tyngre lyft enn noko anna kran levert av ei norsk verksemd tidlegare. Ho skal lyfta opp ting frå brådjupna ute på havet. Inni blokka er det 3000 meter ståltau....
REKORDLEVERINGA: Roger Øvstetun har hatt ansvaret for designen og utviklinga av denne kranblokka, som skal gjera tunge lyft utaskjærs. Det er avdelinga han er leiar for i Laksevåg i Bergen som produserer heile produktet frå A til Å. Blokkrana er større og kan gjera tyngre lyft enn noko anna kran levert av ei norsk verksemd tidlegare. Ho skal lyfta opp ting frå brådjupna ute på havet. Inni blokka er det 3000 meter ståltau.... Bilde: Certex Norge A/S

Han tok difor eit kurs innan desse fagdisiplinane på fritida. Kurset førte ikkje fram til formelt fagbrev, men det hindra ikkje Øvstetun i å starta eit eige design- og arkitetkføretak. Han sette av so mykje fritid som han tykte han kunne til design- og arkitektoppdrag. Han tente ei alminneleg norsk årsløn på dette fritidsprosjektet, endå om han hadde fulltidsstillinga i Statoil. På toppen av alt dette fann han tid til sambuar og borna Christell og Nicholas. Framleis i dag er det i Bergen han held til, og han bur med Anniken Ekeberg, som han er trulova med, og borna. 

Vann over kreften

Etter at han hadde jobba med tekniske løysingar for oljefeltet i Gullfaks ei tid, vart han kreftsjuk og kunne ikkje jobba på ti månader.

Vel frisk att byrja han i ei anna verksemd i Bergen i 2011, W. Giertsen Services. Her skipa Øvstetun ei eiga lyfteavdeling, som leiinga for verksemda hadde trua på. Avdelinga begynte å byggja kraner som gjer tunge lyft utaskjærs. Fokus låg på kranskiver og kranblokker. Øvstetun leia arbeidet med å designa og utvikla kranene med tilbehør. 

Snart vart verksemda kjøpt opp av Certex Norge. Øvstetun vart då leiar for bergensavdelinga til Certex, som har utvikla heile den gule kranblokka på biletet og komponentane som høyrer til ho.  

– Me starta opp med å laga slikt heisutstyr på bar bakke. Me valde å gå inn for å laga kranskiver, kranblokker, bjelkar og andre strukturar til utaskjærssektoren, fortel Øvstetun. 

Vidare vokster

KRANSKIVE: Roger Øvstetun byrja å designa denne kranskiva og seks andre i år 2014, då han framleis var leiar for produktutviklinga i avdelinga si. Skiva høyrer til inne i kranblokka. Tre tusen meter ståltau vil passera gjennom dei seks kranskivene. 
KRANSKIVE: Roger Øvstetun byrja å designa denne kranskiva og seks andre i år 2014, då han framleis var leiar for produktutviklinga i avdelinga si. Skiva høyrer til inne i kranblokka. Tre tusen meter ståltau vil passera gjennom dei seks kranskivene. 

Frå og med i forfjor gjekk Øvstetun over til å jobba fulltid med å få kontraktar i hamn, altså å få selt dei same produkta som han sjølv har gått i bresjen for å utvikla.

Han fekk i hamn ein stor kontrakt på leveranse av den nemnde kranblokka med tilhøyrande kranskiver og ståltau, mynta på tunge lyft utaskjærs. 

Verdien er på eit tosifra milliontal kroner, men eksakt beløp og namnet på kjøparen er hemmeleg.

– Men det er snakk om ein av dei leiande kranaktørane i verda, seier Øvstetun.

Rekorden som det er snakk om oppi dette, er det faktumet at krana er den kraftigste og tyngste som nokon gong er selt frå ei norsk verksemd, og med størst lyfteevne. 

Øvstetun seier at selskapet reknar med å veksa ytterlegare 50 prosent til neste år, fordi det har vorte med i ei gruppe der 30 ulike selskap samarbeider. 

– Dei andre selskapa som me har begynt å samarbeida med kjøper produkt hjå oss frå no av, seier Øvstetun.  

EIT ANNA PRODUKT ØVSTETUN TOK INITIATIV TIL Å LAGA: Ein sokalla lyftebjelke er noko anna av det bergensavdelinga til Certex Norge har utvikla i leiing under årdølen Roger Øvstetun.
EIT ANNA PRODUKT ØVSTETUN TOK INITIATIV TIL Å LAGA: Ein sokalla lyftebjelke er noko anna av det bergensavdelinga til Certex Norge har utvikla i leiing under årdølen Roger Øvstetun. Bilde: Certex Norge A/S
Til toppen