VED RORET: Anne Gine Hestetun (Ap) sikra seg fylkesordførarkjedet i Hordaland etter valsiger og samarbeidsavtale med SV, KrF og Sp. Bilete er frå eit besøk på Kværner Stord. Foto: Arbeidarpartiet
VED RORET: Anne Gine Hestetun (Ap) sikra seg fylkesordførarkjedet i Hordaland etter valsiger og samarbeidsavtale med SV, KrF og Sp. Bilete er frå eit besøk på Kværner Stord. Foto: Arbeidarpartiet

Årdøl kapra fylkesordførarverv

Anne Gine Hestetun (Ap) er ny fylkesordførar i Hordaland. 

– Eg kjenner på ansvaret, men er utruleg glad for at Arbeidarpartiet fekk så god oppslutning, for den soleklare sigeren og tilliten, seier Anne Gine Hestetun til NRK Sogn og Fjordane. ​

Hestetun toppar fylkeslista til Arbeidarpartiet i Hordaland, som fekk 34,1 prosent av røystene. Dermed sikra partiet seg 20 av 57 mandat i fylkestinget.

Avtala mellom SV, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet sikra Hestetun fylkesordførarvervet dei neste fire åra, noko som gjer at fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) må gi frå seg kjedet til årdølen.​

 

Til toppen