Årdølen Øyvind Seim tok 1.plass i debutantklassen, då han deltok i fitness-konkurransen Sandefjord Open seint i mars.
Sandefjord Open er ein fitness-konurranse der det er om og gjere å vise fram den sterkaste og flottaste kroppen. Den tidlegare turnaren overbeviste dommarane om at han har ein velbygd kropp.

I tillegg til å ta 1.plass i Sandefjord Open, fekk debutanten 3.plass i konkurransen Kaliber Open i Trondheim.
– Eg hadde ikkje forventa å komme så langt i konkurransane. Målet var å stille og håpe på det beste, så fekk resultatet bli slik det vart.
Teken med av kjærasten
Kjæresten til Seim hadde lyst til å stille i Sandefjord Open, noko som førte til at ho fekk med seg Årdølen også.
– Kjærasten min Elena var veldig gira på å stille i konkurransen. Ho ville at eg også skulle stille, så i desember fant eg ut at eg skulle vere med. Då var det rett på diett. Eg har alltid vore glad i å trena, og har prøvd å halde meg i grei form. Før konkurransane har eg prøvd å trene litt ekstra.
– Tida før konkurransane har vore ganske hard for å sei det slik. Eg har ikkje kunna ete like mykje, noko som har ført til mindre energi. Det tar på! Den siste månaden var den verste.
Kanskje eit forsøk til
– No blir det tilbake til ein vanleg kvardag med litt meir mat. Eg tenkjer å legge på meg litt feitt igjen, og hente att energi. Så får eg trene eit par år og muligens prøve igjen. Det er til vurdering!