INGEN DUELL: Henny-Kristin Asperanden Navarsete trekk seg frå Ap-nominasjonen, medan Marie Helene Hollevik Brandsdal er innstilt som andrekandidat frå Sogn og FJordane.
INGEN DUELL: Henny-Kristin Asperanden Navarsete trekk seg frå Ap-nominasjonen, medan Marie Helene Hollevik Brandsdal er innstilt som andrekandidat frå Sogn og FJordane. (Foto: Montasje)

Årdøl på andreplass på Ap-lista, Sogndal-kandidat trekte seg

Fire sogningar er på listeforslaget til Sogn og Fjordane Arbeidarparti før stortingsvalet neste år. Men eitt namn manglar.

Årdal: Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Ap har lagt ut endeleg listeforslag til stortingsvalet 2021. Lista skal vedtakast på nominasjonsmøtet i Sogndal 29. november.

Torbjørn Vereide (31) frå Sunnfjord er på topp, medan Marie-Helene Hollevik Brandsdal (44) frå Årdal er andrekandidat.

– Eg er kjempeoverraska, men veldig glad, seier Hollevik Brandsdal.

Ho seier ho er motivert og vil gjera sitt ytste for at partiet skal gjera det godt i valet neste år.

Ungdomskandidaten Egil Natvik Vestrheim (19) frå Lærdal er nummer tre, Petter Sortland (59) frå Høyanger er nummer fem og Jarle Christensen (42) frå Vik er nummer på lista.

Meir overraskande er kandidaten som ikkje står på lista. Henny Kristin Asperanden Navarsete var nominert frå Sogndal Ap, men på sosiale medium tysdag skriv partiet at Navarsete valde å trekka seg «etter ei totalvurdering».

Porten.no har vore i kontakt med Navarsete, som ikkje hadde høve til å kommentera saka nett då.

Her er heile lista:

1. Torbjørn Vereide (31), Sunnfjord
2. Marie-Helene Hollevik Brandsdal (44), Årdal
3. Egil Natvik Vestrheim (19), AUF/Lærdal
4. Siri Sandvik (52), Stad
5. Petter Sortland (59), Høyanger
6. Rita Ørnehaug( 53), Hyllestad
7. Leif Jarle Espedal (48), Fjaler
8. Doris Christensen (50), Kinn
9. Jarle Christensen (42), Vik
10. Paulina Sitarz (18), AUF/Stryn

Til toppen