GÅVE TIL LÆRDAL SJUKEHUS: LHL-laga i Indre Sogn kjøpte nye ergometersyklar til Lærdal sjukehus. F.v Trine Lise Andersen, spesialsjukepleiar, Ida Louise Borlaug, fysioterapeut, Gunnstein Husdal, LHL Lærdal og Aurland, Astrid Hansen, LHL Luster, Øystein Wangen LHL Årdal og Jarle Vindedal, LHL Lærdal og Aurland.
GÅVE TIL LÆRDAL SJUKEHUS: LHL-laga i Indre Sogn kjøpte nye ergometersyklar til Lærdal sjukehus. F.v Trine Lise Andersen, spesialsjukepleiar, Ida Louise Borlaug, fysioterapeut, Gunnstein Husdal, LHL Lærdal og Aurland, Astrid Hansen, LHL Luster, Øystein Wangen LHL Årdal og Jarle Vindedal, LHL Lærdal og Aurland. (Foto: Sunniva Knutsen)

Aurlending samla LHL-laga for å gje gåve til Lærdal sjukehus, etter han sjølv deltok på hjarterehabiliteringa

Øystein Wangen frå Aurland ville visa si takksemd for fysikalsk avdeling, og valde difor å slå saman LHL-laga til eit spleiselag.

Lærdal: Wangen, som no bur i Årdal, har nemleg sjølv vore ein av pasientane som deltok på rehabilitering etter hjartesjukdom hjå Lærdal sjukehus.

Wangen seier han er særs takksam for den gode hjelpa han fekk der, og ville difor visa si takksemd, og nådde ut til LHL-laga i Indre Sogn for å spleisa på nye ergometersyklar til avdelinga. 

– Det er noko med å få lov til å ta del i eit slikt opplegg, og få tilbake den tryggleiken i hovudet på at du kan pressa deg sjølv, sjølv om du har hatt hjarteproblem, seier Wangen. 

LHL-laga gjekk saman for å spleisa 

MODERNE SYKLAR: Øystein Wangen, frå Årdal, deltok sjølv på rehabiliteringsprogrammet. Her festar han klistremerke frå LHL på dei nye syklane. Foto: Sunniva Knutsen

Wangen tok ideen opp med styret i LHL Årdal, og dei var positive. Deretter kontakta han Gunnstein Husdal og Jarle Vindedal frå LHL Lærdal og Aurland, og Astrid Hansen frå LHL Luster, samt LHL Leikanger, Vik og Sogndal. 

Laga gjekk inn med til saman 35.000 kroner for to nye ergometersyklar. Wangen fortel at dei fekk pruta ned prisen litt hjå firmaet dei kjøpte dei frå på Flisa. 

– Me fekk pruta litt då me fortalde at dei skulle vera ei gåve til fysikalsk avdeling,  seier han. 

– Ikkje noko kjære mor

Lærdal sjukehus tilbyr eit rehabiliteringsprogram for pasientar med hjarteproblem, ofte har dei hatt hjarteinfarkt. I løpet av eit år har dei fem grupper med fire pasientar, der dei har fire veker opptrening og to veker undervisning om hjartesjukdom og ernæring.

Wangen seier seg sjølv heldig som fekk vera med på rehabiliteringsprogrammet saman med fysioterapeut Ida Louise Borlaug. 

– Det var ikkje noko kjære mor, ler han og held fram:

– Eg hugsar spesielt ein dag, der me var to stykk som gjekk oppover den bratte bakken bak sjukehuset. Det kjentest som at alt skulle sprenga, og me klaga i vår naud til kvarandre. Så går Ida like bak oss, og då kjem det ei hand på kvar vår rygg og ho sa: «ja gutar, me er ikkje heilt ferdige endå», så då var det berre å køyre på, ler Wangen. 

Wangen: – Gav oss tryggleik og meistring

Han legg vekt på at programmet gav pasientane ei kjensle av meistring og tryggleik, medan dei trente, noko som han seier var særs viktig.

– Då me gjekk hadde me ein sjukepleiar og ein fysioterapeut med oss, og det gav tryggleik, for då veit du at det er menneske tilstades som kan hjelpa dersom det skulle henda noko. 

Han fortel at han har fått mykje energi etter han var med på programmet, og at det gav han kunnskap og vilje til å ta tak i helsa i si.

– Det er så godt for oss å sjå dykk etterpå, og sjå at de har teke tak i det. For de er dykk som må gjera jobben, seier Trine Lise Andersen, spesialsjukepleiar på intensivavdelinga ved sjukehuset. 

Takksame 

Borlaug og Andersen jobbar dagleg med pasientar som undergår hjarterehabilitering, og er veldig takksame for gåva, og seier syklane dei hadde trengte ei oppgradering. 

Inne på treningsrommet på fysikalsk avdeling finn ein no to splitter nye og moderne ergometersyklar, og éin litt eldre variant, samt ei tredemølle, blant anna. 

– Me hadde ikkje pengar til tre, men det hadde vore ideelt å bytta ut den siste også, seier Wangen. 

Borlaug seier at dei to nye syklane allereie vert godt brukt, og legg vekt på at ergometersyklane har ei avgjerande rolle i opptreninga for pasientane.

– Kondisjon og intervalltrening er veldig effektiv trening, spesielt for hjartepasientar, og då er slike ergometersyklar heilt perfekte.

Wangen vil oppmoda bedrifter til å avsjå ei krone, og slå seg saman og spleise slik at den siste sykkelen kan bytast ut òg. 

Til toppen