SJEF: Marianne Gullaksen frå Årdal har fleire års erfaring som journalist i NRK, Dag og Tid og Nynorsk pressekontor. No får ho ei ny utfordring som redatkør i ei nystarta nettavis i Trondheim.
SJEF: Marianne Gullaksen frå Årdal har fleire års erfaring som journalist i NRK, Dag og Tid og Nynorsk pressekontor. No får ho ei ny utfordring som redatkør i ei nystarta nettavis i Trondheim. (Foto: Arkiv)

Årdøl skal fore trøndarane med lokale nyheiter

Tone Gullaksen frå Årdal vert den første redaktøren i den nystarta nettavisa Trondheimsnytt.

Årdal: Sjølv seier Gullaksen at ho søkte på journaliststillinga, men fekk leiarjobben.

– Det takka eg ja til. Eg har jobba mange år som journalist og hadde lyst på ei utfordring, seier Gullaksen, som tidlegare har erfaring frå NRK, Dag og Tid og Nynorsk pressekontor.

Det som trigga ho til å søke var i stor grad filosofien som ligg til grunn for den nystarta nettavisa.

– Det stod i stillingsutlysinga at det var eit demokratiprosjekt og at avisa skal vere gratis og tilgjengeleg for alle. Det synst eg var veldig bra, seier Gullaksen.

Les også: Fleire les nettaviser enn papiraviser

Norske aviser slit med å tene pengar og stadig fleire går over til å legge deler av innhaldet på nett bak betalingsmur. Det er ei utvikling Gullaksen er skeptisk til.

– Eg meiner det etter kvart kan bli eit demokratiproblem når store delar av befolkninga blir utelukka frå samfunnsdebatten. For det er ikkje alle som kan betale i dyre dommar for abonnement for å halde seg oppdaterte, seier ho.

Avisa ser for seg å publisere dei første artiklane i juni, medan lanseringa vil skje før første september. No jobbar dei med å få alt det praktiske på plass. Førebels er det ikkje store staben det er snakk om.

– No er me berre eg og èin til, men planen er å utvide ganske radigt når vi er i gang. Det må me for å bli store nok, men me må byrje å tene litt «peng» først, seier Gullaksen, som seier målet er å bli ein utfordrar til Adressavisa.

– Det treng dei, seier ho.

Dit er det eit stykke, men nettopp at ho får vere med å byggje noko frå botn av er ein av grunnane til at ho gler seg til å ta fatt på oppgåva.

– Då får du vere med å forme ting slik du vil ha det. Det passar meg bra, seier ho.

Til toppen