HISTORISK: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland (i midten oppe til høgre i biletet) skal leia fellesnemnda til dei to fylka fram til samanslåinga i 2020.
HISTORISK: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland (i midten oppe til høgre i biletet) skal leia fellesnemnda til dei to fylka fram til samanslåinga i 2020. (Foto: Arkiv)

Årdøl skal styra skapinga av Vestlandet

Historisk møte på Flesland i dag.

Bergen: Anne Gine Hestetun frå Årdal skal leia arbeidet med å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestlandet fylke. 

Det vart klart då fellesnemnda til dei to fylka hadde sitt første møte på Flesland i Bergen i dag. Nemnda skal fungera fram til nytt fylkesting vert konstituert i november 2019. Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane vart valt til nestleiar.

På møtet skal fellesnemnda, i tillegg til å velja leiar og nestleiar, mellom anna fordela ansvar til fylkesrådmennene og prosjektleiar og handsama sak om nytt fylkesvåpen.

– Det er ein milepåle og ein merkedag for den prosessen som me er inne i no. Det er no arbeidet byrjar, sa Anne Gine Hestetun frå talarstolen då møtet starta.

Til toppen