Sogndal: Marianne Jevnaker er frå Årdalstangen, og har realfagleg bakgrunn som bioingeniør. Dei siste åra har ho teke ei masterutdanning på NTNU.
Ho gler seg til å ta fat på arbeidet med å setja det første vitensenteret i fylket ut i live.
– Me har eit godt grunnlag for å skapa eit unikt Vitensenter på Kaupanger som er tufta på vår identitet og våre ressursar her i Sogn og Fjordane. Målet er at det også skal vere spennande for reisande å oppleva senteret, seier Jevnaker i ei pressemelding.
Treng avtalar med skulane
Kaupanger Næringsforening og leiar Tor Arne Ness var initiativtakar til prosjektet. Han er styreleiar i det nye selskapet. Han er glad for at dei no får på plass ein person som kan dedikera seg heilt og fullt til å fullføra prosjektet.
– Dette er eit ambisiøst prosjekt som no har kome til realiseringsfasen, og det held ikkje å drive med dette på sida av alt anna lenger, seier han.
Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane er byggherre, og bygget skal romme både eit nytt vitensenter, ei oppgradert avdeling av Sogndal VGS, samt vera ein møteplass for næringslivet i regionen. Planlagt opning er i 2020.
Ness: – I gode hender
I forretningsplanen er det lagt opp til statleg medfinansiering av drifta, samt at både næringslivet og skulane bidreg gjennom sponsing og bruk.
Fram mot opning vert det difor ei avgjerande oppgåve å landa langsiktige avtalar med skular og kommunar om bruken av senteret innanfor sine ramme- og opplæringsplanar.
– Prosjektet vil vera i gode hender med Marianne som drivkraft og koordinator, og med seg har ho mange ressursar som engasjerer seg og ynskjer å få dette til. Ein treng alle gode krefter for å realisera slike prosjekt, og det er når alle dreg i same retning at ein lukkast, seier Ness.