MEDALJE: Glenn Arne Vie, leiar i Farnes skyttarlad, skaut seg til 341 poeng på bane og fekk med dét medalje.
MEDALJE: Glenn Arne Vie, leiar i Farnes skyttarlad, skaut seg til 341 poeng på bane og fekk med dét medalje. (Foto: Farnes Skyttarlag)

Årdøl skaut seg til medalje på Landsskyttarstemnet

Resten av Farnes skyttarlag hevda seg òg.

Stjørdal: Mange skyttarlag frå Sogn var med til Landsskyttarstemnet i Stjørdal som gjekk av stabelen førre fredag. Blant dei var Farnes Skyttarlag frå Årdal som hevda seg godt. 
 
Årdølene var representert i samtlege klassar på stemnet, og leiar av skyttarlaget, Glenn Arne Vie er strålande nøgd med stemnet. Sjølv skaut han til medalje i klasse Senior 4, og hamna på åttande plass av 660 skyttarar. 
FEKK MEDALJE: Glenn Arne Vie, leiar i Farnes Skyttarlag, konkurrerte i klassen Senior 4 kor han skaut 341 poeng, og landa på ein 8.plass blant over 600 skyttarar. Foto: Privat
– Totalt så havna eg på 103. plass av omlag 1600 skyttarar, og i min klasse vart eg nummer åtte. Det var veldig kjekt. Det er det beste landsskyttarstemnet eg har hatt.
 
– Det var kjekt å få medalje. Den heng høgt blant oss skyttarar, så det var veldig kjekt, seier Vie nøgd. 
 
 

Dei yngste imponerte

Vie trekk fram dei yngste deltakarane frå skyttarlaget, og skryt stort av dei. I rekruttklassen, for dei mellom 11 og 13 år, stilte Aleksander Sjåstad Børresen og Benjamin Nyheim Hov. Begge var med for første gong. 

Ifølgje Vie gjorde dei begge ein kjempeprestasjon. Aleksander skaut 28 treff på feltskyting, og fekk heile 242 poeng på baneskyting, medan Benjamin skaut 26 på felt for første gang og 234 på bane.

Saka held fram under biletet. 

FØRSTE LANDSSKYTTARSTEMNE: Benjamin Nyheim Hov var med for første gong og gjorde ein kjempeprestasjon med 26/11 og 234 poeng på bane. Foto: Farnes Skyttarlag

– Benjamin har blomstra veldig. Han byrja å skyta i vinter, så det var heilt fantastisk at han ville vera med på landsskyttarstemnet. Han skaut kjempegodt!

– Å skyta så bra som han gjorde på sitt første landsskyttarstemne, då han nesten ikkje har konkurrert i det heile, det er heilt utruleg, seier Vie. 

Fakta

  • På felt skyt ein mot figurar der ein anten får treff eller bom. 
  • På bane skyt ein på blink på ein avstand på anten 100 eller 200 meter. 
  • Rekruttane skyt med 22 kaliber, som gjer kulene litt ømfintlege for vind.
  • Rekrutt og eldre rekrutt skyt på 100 meter avstand, liggande. Eldre rekrutt med 6.5 kaliber kuler.
  • Junior klassen skyt òg på 100 meter avstand med 6.5 kaliber, men kan velja om dei vil skyte liggande eller på kne. 
  • Seniorklassen, som er for dei som er 18 år og oppover, og Veteran 55 år, V55, skyt på 200 meters avstand. 
  • V65 og oppover skyt på 100 meter avstand, liggande. 

Rykka opp ein klasse

I klassen eldre rekrutt, for dei som er 14 og 15 år, deltok Sandra Odland, som skaut godt på felt med 26 treff.

I klassen deltok òg Sigve Saur Midtun, som eigentleg er rekrutt. Han valde nemleg å rykka opp ein klasse for å prøva å skyte med anna kaliber.

 Han melde frivillig opprykk til ein høgare klasse for han ville skyta med 6.5 kaliber, skaut 247 poeng og hadde faktisk tre gongner 9.9, ein millimeter frå tiaren, det var veldig imponerande, seier Vie. 

Æresmedlem i skyttarlaget 

Tilstades på treffet var også Ludvig Indrebø som skyt i klassen for dei over 73 år, V73.

Indrebø deltek på omlag 100 skyttarstemne i året, og ligg i Noregstoppen i sin klasse, opplyser Vie.

Saka held fram under biletet.

SKYTTARVETERAN: Ludvig Indrebø imponerte i klassen V73, og landa på ein 11.plass samanlagt. Foto: Farnes Skyttarlag

Han skaut seg til finalen i klassen med 249 poeng. I finalen skaut han 100 poeng med åtte sentrumstiarar, og enda på ein 11. plass av totalt 300 skyttarar. 

– Ludvig skyt som ein gud, han er sprek som ein fole, seier Vie. 

Vidare legg Vie vekt på at Indrebø er verdifull for skyttarlaget. Han står på når dei har dugnad, og er ein stor favoritt blant dei unge skyttarane. 

– Dei flokkar rundt han, og dei snakkar skyting saman. Det er veldig artig å sjå.

SKYTTARVETERAN: Ludvig Indrebø imponerte i klassen V73, og landa på ein 11.plass samanlagt. (Foto: Farnes Skyttarlag)
RYKKA OPP EIN KLASSE: Sigve Saur Midtun skyt eigentleg i klassen rekrutt, men valde å gå opp ein klasse til eldre rekrutt. Han skaut 247 poeng på bane, og 26 på felt. (Foto: Farnes Skyttarlag)
NYBEGYNNER: Sandra Odland imponerte på landsskyttarstemnet, og hadde 26 treff på feltskyting. Ho skyt i klasse eldre rekrutt. (Foto: Farnes Skyttarlag)
SKAUT GODT: Joakim Bjørnetun skyt i klasse junior, og fekk 245 poeng på bane og 24/16 på feltskyting. (Foto: Farnes Skyttarlag)
SKAUT PÅ BANE: Hanne Johansen Vikøren skyt i klasse junior, og fekk 244 poeng på bane. Ho skaut ikkje på felt. (Foto: Farnes Skyttarlag)
FØRSTE LANDSSKYTTARSTEMNE: Benjamin Nyheim Hov var med for første gong og gjorde ein kjempeprestasjon med 26/11 og 234 poeng på bane. (Foto: Farnes Skyttarlag)
GOD PÅ FELT: Anders Grønndal skaut 28/9 på felt i klasse Senior 4. (Foto: Farnes Skyttarlag)
IMPONERTE: Aleksander Sjåstad Børresen skyt i klasse rekrutt, og imponerte med 28 treff på felt, og 242 poeng på bane. (Foto: Farnes Skyttarlag)
Til toppen