NY JOBB: Tidlegare redaktør for Porten.no, Truls Sylvarnes, har fått jobb som dagleg leiar og redaktør i Østlendingen.
NY JOBB: Tidlegare redaktør for Porten.no, Truls Sylvarnes, har fått jobb som dagleg leiar og redaktør i Østlendingen. (Bilde: Porten.no)

Årdøl tilsett som redaktør og dagleg leiar i Østlendingen: – Veldig stolt

Truls Sylvarnes kunne torsdag gleda seg over ny stilling i Østlendingen.

Elverum: Sylvarnes (29) er tilsett som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Østlendingen, melder Amedia. Han har vore konstituert i stillinga sidan 1. oktober.

Han har jobba for avisa i to år som digitalredaktør, og før det var han redaktør i Porten.no. 

– Eg er veldig stolt over å ha fått ein slik jobb, seier Sylvarnes.

Lærerik tid i Årdal

Østlendingen har 16.500 abonnentar og 26.000 lesarar ifølgje den siste målinga til Mediebedriftenes Landsforening. 43 prosent av abonnentane er heildigitale.

Sylvarnes trur jobben han har gjort for å skapa vekst på nett, var med å overtyda styret om at han var rett mann. Han seier tida med ansvar for Porten.no, der han fekk prøva og feila, og styra mykje sjølv, har forma han som leiar og redaktør.

 

– Det å gå til ei lokalavis er det smartaste eg har gjort i karriera mi. Eg oppfordrar alle journalistar med ambisjonar om å gjera det same, seier han.

Mest sentralt var likevel at engasjementet for lokalsamfunnet og lokalpolitikken vakna med jobben i heimbygda. 

– Den sida av meg trudde eg ikkje heilt eksisterte, seier han. 

Styreleiar: – Stort leiartalent

Styreleiar Kristina Fritsvold Nilsen er glad dei har sikra seg ein så fagleg dyktig person som Sylvarnes.

– I sin noverande jobb i Østlendingen har han vist at han har brei kompetanse innan journalistikken. Han har inngåande forståing for digitalisering, og har vist seg å vera eit stort leiartalent. Eg gler meg til å samarbeida med Truls videre, og trur han vil gjera ein kjempegod jobb for lesarane til Østlendingen, medarbeidarane i avisa og for Amedia, seier Fritsvold Nilsen i pressemeldinga.

Til toppen