Skei: På fylkestinget for ungdom på Skei i helga vart Lisa Horpen (16) frå Årdal vald til nestleiar i ungdomspolitisk utval. Horpen vart valt inn i utvalet i november i fjor.
Kamilla F. Rivedal (17) frå Askvoll blir ny leiar.
Fylkestinget er det øvste talerøyret til ungdommen i Sogn og Fjordane. I tillegg til å velga nytt utval, har dei vedteke fleire fråsegn denne helga, om mellom anna psykisk helse, yrkesfag og regionreform.
Ungdomspolitisk utval er arbeidsutvalet til fylkestinget for ungdom, og følgjer opp deira vedtak. Dei er òg referansegruppe i fylkeskommunale saker som gjeld barn og ungdom.