NYTT VERV: Hilde Horpen frå Årdal er ny leiar i Senterungdomen Sogn og Fjordane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYTT VERV: Hilde Horpen frå Årdal er ny leiar i Senterungdomen Sogn og Fjordane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdøl vald som ny leiar for Senterungdomen i fylket

– Det er eit verv som heng veldig høgt. Det å få ein slik tillit av fylkesårsmøtet er veldig kjekt, seier Hilde Horpen, nyvald Senterungdom-leiar.

Kalvåg: Leiarvervet fekk ho på årsmøtet til Senterungdomen i Sogn og Fjordane i Kalvåg i helga. Horpen seier ho hadde forventa å bli valt, men var likevel litt spent før avgjerda.

– Eg hadde ei aning om at det kom til å skje. Samtidig er du aldri sikker før du faktisk blir valt, seier ho.

– Kva kvalitetar har du som gjorde at du fekk den tilliten?

– Eg har vore med i Senterungdomen nokre år, kjenner folk og veit korleis ting fungerer. Så vil eg påstå at eg ein person som kan ta ansvar og det følgjer ein del ansvar med dette vervet her. Men det viktigaste er nok at eg er engasjert, seier Horpen.

Kritisk til reformbølgja

Ho seier at ho alltid har vore oppteken av det skjer rundt ho, men at det var litt tilfeldig at ho hamna i Senterpartiet. Før stortingsvalet for fire år sidan hadde ho bestemt seg for å melda seg inn i eit parti. Senterpartiet var dei ho følte ho hadde mest til felles med.

I dag er det dei store reformane som engasjerer ho, som kommunereforma, regionreforma og nærpolitireforma, for å nemna nokre.

– Det Senterpartiet står for er at folk skal få bestemma lokalt, ikkje dei som sit langt vekke, i Oslo eller Brüssel. Folk veit best sjølve kva som er bra for dei. Det er noko som gjennomsyrer politikken vår, og dei sakene vekker ekstra engasjement i meg, seier Horpen.

Fleire sogningar i sentrale posisjonar

Ho var ikkje den einaste sogningen som vart valt inn i sentrale posisjonar denne helga. Oda Paulsen frå Sogndal vart vald til organitorisk nestleiar, medan Jakob Ruud, òg han frå Sogndal, vert ein av tre styremedlemmar.

På eit anna fylkesårsmøte same helg og same plass, vart Trude Klingenberg frå Årdal valt inn som nytt styremedlem til Senterkvinnene i Sogn og Fjordane. Senterkvinnnene er kvinneorganisasjonen til Senterpartiet.

Til toppen