FEKK GJEV PRIS: Knut Skår frå Årdal fekk torsdag den nasjonale frivilligheitsprisen for 2019 for sitt arbeid med Norske Redningshundar.
FEKK GJEV PRIS: Knut Skår frå Årdal fekk torsdag den nasjonale frivilligheitsprisen for 2019 for sitt arbeid med Norske Redningshundar. (Foto: CF SALICATH / PRESSEFOTO)

Årdøl vann Frivillighetsprisen: - Ein bauta

Knut Skår og Norske Redningshunder vann Frivillighetsprisen 2019.

Årdal: Torsdag fekk Skår den nasjonale frivilligheitsprisen for 2019 overrekt av kulturminister Trine Skei Grande. 

Han var ein av seks finalistar handplukka av ein jury. I grunngjevinga for sigeren vart Skår kalla ein bauta blant frivillige. 

FLEIRE TUSEN TIMAR I ÅRET: Skår brenn for arbeidet med Norske Redningshundar. På eit år reknar han å ha brukt fleire tusen timar på frivillig arbeid. Foto: Øyvind Nondal / Arkiv

– Norske Redningshunder er tufta på frivilligheit. I eit miljø med mange engasjerte frivillige, står Knut fram som ein bauta, sa leiar av juryen, Heikki Eidsvoll Holmås, i ei pressemelding.

– Reddar ein del liv

Skår har jobba fleire tusen timar i året på frivillig arbeid, og vore ein del av Norske Redningshundar i over 20 år.

Då det vart kjent at han var nominert til prisen i november, sa han det var stort å bli nominert. Men ikkje minst ville det vera bevis på det viktige arbeidet organisasjonen gjer, fortalte han. 

– Eg er berre èin, men me er mange som gjer ein stor innsats, sa Skår, då. 

Til toppen