STENGDE VEGAR OG VENTING: Frå tidleg neste år må ein planlegga litt om ein skal køyra i Årdal.
STENGDE VEGAR OG VENTING: Frå tidleg neste år må ein planlegga litt om ein skal køyra i Årdal. (Foto: Statens vegvesen/arkiv)

Beredskap i sentrum då tunellen vert stengd

Snart skal Seimsdalstunnelen utbetrast, og det betyr stengde vegar og venting – også for ambulansar og politi.

Årdal: Seimsdalstunellen mellom Årdalstangen og Seim skal snart sjå sprenging og anleggsmaskiner att. Frå tidleg neste år må ein belaga seg på å justera timeplanen sin noko.

Førre veke hadde Statens vegvesen, Årdal kommune, Hydro og Norsun eit møte for å diskutera korleis beredskap og arbeidsplassar vil bli påverka av ein stengd tunell. Den største utfordringa verkar vera å få skiftordningar og bakvakter til å gå opp for pendlarar.

– Me fekk presentert kva me ynskjer å gjera, og bedriftene og kommunen fekk lagt fram sine synspunkt, seier prosjektleiar i vegvesenet Jens-Ivar Nilsen.

Det som gjekk att som diskusjonstema på møtet var korleis bedriftene skulle oppretthalda beredskap og avvikla skifta sine. Kommunen trakk fram sivil beredskap og sjukeheimen som det som trengde fokus.

– Me må sjå om me kan få sett dette saman til ei løysing som passar alle, seier Nilsen.

Den utbetra tunellen skal ha ein breiare veg, betra utløp i både aust og vest og ein to meter brei gang- og sykkelsti. Illustrasjon: Statens vegvesen

Vil auka bemanninga

Arbeidet i tunellen vil ta kring to år, so det vert lagt ned mykje arbeid for å sikra tryggleiken til dei som bur på Seim, fortel Nilsen. Beredskapen er dimed delt inn i to fasar;

Dei første to vekene vil det skje boring i tunellen. Ein slik rigg tek vel 20 minutt å flytta, skulle det bli naudsynt. I tillegg vil tunellen måtte vera stengd i inntil ein time etter sprenging. 

Det er sjøvegen som er planlagd å bruka til transport i naudsituasjonar. I tillegg vil Seimsdalen ha ekstra personell på sjukeheimen og beredskap for politi, ambulanse og brannvern.

I andre fase av arbeidet vil det bli lettare å opna vegen. Ved utrykking skal den kunne vere ope på eit kvarter.

Ingen fastsett plan enno

Dei første forslaga til stengjetidene i tunellen føreslår to periodar på kveldstid, men open på dagen. Om natta er det snakk om om lag seks timar.

Norsun meiner kring 40 arbeidarar vil bli råka av ei slik stenging, spesielt nattevaktene. Hydro seier kring 100 av deira tilsette vil bli berørt. Dei har også nattevakter med kort responstid, og er avhengige av desse.

Årdal kommune seier sjukeheimen vil kjenna mest på ei slik stenging, og at dei vert nøydde til å auka bemanninga for å ta i vare beredskapen i Seimsdalen, noko som vil føre til eit auke i utgifter.

– Me kjem til å ha fleire møter om beredskapen og trafikkavvikling før påske. Neste gong skal me ha ei endå betre tilpassa løysing, seier Nilsen.

Hydro, Norsun, vegvesenet og kommunen er altso enno ikkje ferdige med planlegginga, og ein må difor rekne med endringar i tidene.

Til toppen