RAUDT: Stephan Øren.
RAUDT: Stephan Øren. (Foto: Raudt)

Årdølen er på lista til Raudt: – Vindkraft vil berre gjere vondt verre

No er det klart kven Raudt har valt som kandidatar til stortingsvalet.

Sogn: Geir Oldeide frå Måløy står øverst på lista, medan Rita Tonning frå Sunnfjord står på andreplassen. Årdølen Stephan Øren har kapra tredjeplassen. Det melder partiet i ei pressemelding. 

Årdølen er oppteken av å motarbeide sentraliseringa og den avfolkinga som rammar bygdene og industrisamfunna i fylket. Han har tidlegare vore tillitsvald i LO-forbundet Industri Energi og er sekretær i LO Årdal.

Vil ha full stopp i utbygging av vindkraft

Hjartesaka hans er energipolitikk og han jobbar for å avgrense eksporten av elektrisk kraft. 

– Allereie no eksporterer Noreg rundt 15 milliardar kilowattimar og importerer dermed europeiske kraftprisar – vindkraft vil berre gjere vondt verre, seier Øren.

Han vil av den grunn, og for naturen sin del, ha full stopp i utbygginga av vindkraft då han meiner det har auka både straumpris og nettleige.

På lista står òg Sigbjørn Leirdal frå Luster, Einar Rysjedal frå Høyanger og Hege Terese Olsen frå Årdal. 

Dette er heile nominasjonslista: 

1. Geir Oldeide, Kinn kommune
2. Rita Tonning, Sunnfjord kommune
3. Stephan Øren, Årdal kommune
4. Hanne Bjerkvik, Fjaler kommune
5. Sigbjørn Leirdal, Luster kommune
6. Marie K Tveranger, Kinn kommune
7. Einar Rysjedal, Høyanger kommune
8. Aina Olin Engen, Gloppen kommune
9. Pall H. Hannesson, Sunnfjord kommune
10. Hege Terese Olsen, Årdal kommune

Til toppen