ALTMOGLEGMASKIN: Frode Nilssen kjøpte sin fyrste 3D-skrivar i 2013 og har gjeve seg i kast med å laga all slags ting. Ein av dei mest vidløftige planane hans er å prenta ein robot med kunstig intelligens.
ALTMOGLEGMASKIN: Frode Nilssen kjøpte sin fyrste 3D-skrivar i 2013 og har gjeve seg i kast med å laga all slags ting. Ein av dei mest vidløftige planane hans er å prenta ein robot med kunstig intelligens. (Foto: Snorre Sandemose)

Årdølen Frode Nilssen ynskjer å leva av 3D-prenting

I den vesle kjellarverkstaden sin i Årdal tryllar han fram alskens ting og sel til kundar, hovudsakleg i utlandet.

Årdal: – Borna mine ynskjer seg ting frå verkstaden kvar dag. Særleg vesle dottera mi. Ho er so glad i smykker og ringar, seier Frode Nilssen. 

Årdølen er i full jobb på Norsun. Dei siste åra har han brukt store delar av fritida på 3D-prenting.   

SKJELPADDE I KNALLHARD PLAST: Denne skjelpadda i plast er so sterk at ho kan tola at nokon står på henne utan at ho tek skade, fortel Nilssen. Han kan skriva ut skotsikre vestar òg med det same plastmaterialet. Bilde: Snorre Sandemose

Sidan han skaffa den fyrste skrivaren i 2013 har det vorte produsert ein del småting til ungane. 

Men for det meste prentar han ting på bestilling og sender dei til kundar fjern og nær. 

Ynskjer å gjera hobbyen til levebrød

Han har lyst til å byrja med 3D-prenting på heiltid og slutta i jobben. Førebels driv han på hobbybasis. Men han har alt utvida produksjonen til å gjelda gjenstandar som har bronse, titan eller rustfritt stål i seg, i tillegg til plast. For å få til å laga slike ting, samarbeider han med andre som har endå meir kostbare 3D-skrivarar. 
TOLKAR FIGUREN: Frode Nilssen fekk inn teikninga øvst med førespurnad om han kunne printa ut dette dataspel-ikonet frå 1990-talet. På biletet under ser ein figuren slik Nilssen har teikna han.  Bilde:Snorre Sandemose
 

– Det er ein heilt ny teknologi dette og uavgrensa kva du kan laga. Det er dèt som gjer det so interessant. 

Nilssen håpar ein rik onkel eller at eit firma som satsar for fullt kan sjå potensialet i det han driv med og investera.  

– Korleis klarar du å finna tid til alt dette, samstundes som du er i full jobb? 

– Det vert nokre ganske seine kveldar, røper Nilssen.  

Tenkjer ikkje å skriva ut pannekaker 

Miljøet er mindre i Noreg enn i Sverige og Danmark. Nilssen kjenner fleire av dei andre norske som driv med det same.

Ein amerikanar i Drammen prentar mellom anna pannekaker, som han altså kan servera og eta etterpå.

VOLVO-MOTOR: Mellom motoren og dei grå røyr-liknande tinga er det noko svart. Det er innsuget til motoren, laga i Nilssen si 3D-prentarstove.  Bilde:Snorre Sandemose

På arbeidspulten til Nilssen ligg eit gamaldags modelltog inni ei pappøskje. Det er gått ut av produksjon for mange tiår sidan. Engelskmannen som har sendt toget til Årdal, ynskjer å få bygt seg ein kopi. 

Nilssen studerer det nøye og lagar so ei 3D-teikning av det på datamaskinen sin. 

Snart er den eine skrivaren hans i gong med å laga eit tog som vil vera nesten heilt make. 

Ein annen engelskmann sende ein e-post til Nilssen med ei teikning av Nintendo-helten Super Mario Bros og lurte på om han kunne få ein miniatyrfigur av 90-talsikonet. Det var inga sak å få til. 

INVESTERER I MEIR AVANSERT UTSTYR: Pengane Nilssen tener på å selja produkta, nyttar han til å investera i endå meir avansert utstyr. Dette er den mest avanserte prentaren han har.  Bilde: Snorre Sandemose

Mest alle kundane til Nilssen er utanlandske og nesten alle er frå USA og Storbritannia. 

Folk finn heimesida hans, ser døme på ting han har laga tidlegare, og bestiller det dei ynskjer seg. 

Berre fantasien set grenser

På desken hans ligg det både robotmasker, ein liten hjort, ein skulptur av Årdal-rallaren og ei lita skjelpadde.

Pengane Nilssen tener, investerer han i nytt utstyr. Han ser for seg å få meir og meir avansert utstyr i takt med at han får levert varer ut til verda.

Det han har seld best av so langt, er supporterutstyr til engelske fotballfans. Men det er ikkje det som er kjekkast å laga.

3D-TEIKNING: Her er ei oppfinning Nilssen har gjort som han har teikna på dataen. Denne behaldaren skal halda lause stikkontaktar på plass.

– Eg likar best å prenta delar til bilar. Eg synest det er spennande korleis ein kan fiksa bilar med hjelp av plast no til dags.

Mellom anna har han laga innsuget til Volvo-motoren på bilen til ein austlending som byggjer sin eigen bil. Det er «individuell speldstyring» på den motoren, og då krevst det eit spesielt innsug som han ikkje fekk kjøpt nokon stad.

– Men han teikna det og sende det til meg. Eg fekk lagt det inn på dataen og prenta det, og han fekk nett det han ville ha. 

Nilssen har òg prenta og levert nokre plastdelar til ein bilentusiast i Sogn, som har ein bil frå 1980.

BYGGJEMATERIALET: Plasten Nilsson lyt fôra skrivarane med, kjem tilsendt i posten som samanrulla trådar.  Bilde:Snorre Sandemose

Reservedelar til den gamle motoren var ikkje å oppdriva, men då teikna Nilssen dei sjølv, og skreiv dei ut i plast. Med dei nye delane på plass kom bilen snøgt på vegen att.

Han har òg bidrege til å fiksa eit stort drivhus i Oslo for ikkje lenge sidan. Det var nokre stenger i drivhuset som trengte å verta skøytte saman. Til samanskøytinga mangla det nokre plastdelar, som Nilssen prenta. 

Vart seld då han kom over ein YouTube-video i 2013

Då han såg ein 3D-skrivar i aksjon på ein video i 2013, var han snar med å tinga ein. Den fyrste han skaffa seg kosta 800 kroner og var av dei enklaste som fanst på maknaden. 

TO LIKE: Nilssen har kjøpt inn to like skrivarar, so kan dei jobba dobbelt so snøgt. Han set dei til å jobba, går sjølv på jobb og når han kjem att står det ferdige produktet og ventar på han.  Bilde:Snorre Sandemose

Med denne kunne han prenta småting og dippeduttar. 

– Eg lærte veldig mykje av å tukla og dilla med den billige skrivaren, seier Nilssen

Han vart imponert over kor mykje han kunne laga sjølv med det mest skrøpelege som fanst på marknaden.

Snart kjøpte han seg tre til, to som er ganske små og ein som er litt høgare enn han sjølv. 

Youtube har vore læremeisteren 

Alt han kan har han lært på YouTube. Slik lærte han òg å teikna gjenstandane han skriv ut.

I ARBEID: Skrivaren lagar eit mønster i plasten, for at det som vert laga skal vera kraftigare og meir haldbart. Når mønsteret er ferdig, kan plasten nyttast til å laga gjenstandar og dei vil ikkje knekka so lett.  Bilde:Snorre Sandemose

– I staden for å hyra inn nokon til å teikna modellane, fann eg ut at eg måtte læra det sjølv. Det finst eit gratis program på nettet, Auto Cad Fusion 360, som eg nyttar til å laga alle teikningane. 

Det kostar mellom 10 000 og 20 000 kroner i året å nytta programmet, men om du registrerer deg som 3D-prentarfirma og tener under ein viss sum per år, so får du nytta dette programmet gratis, forklarar Nilssen.

Til toppen