KONSERNDIREKTØR: Hilde Vestheim Nordh.
KONSERNDIREKTØR: Hilde Vestheim Nordh. (Foto: Hydro)

Årdølen Hilde Vestheim Nordh er ny konserndirektør i Hydro: – Veldig kjekt

Det seier Vestheim Nordh, som til dagleg er busett i Asker, til Porten.no.

Årdal: Førre veke opplyste Hydro på heimesida si, at Vestheim Nordh er utnemnt til konserndirektør for HR og HMS frå 15. august. 

– Hilde fekk denne jobben midlertidig i januar, medan det blei gjort ein større rekrutteringsprosess både ekstern og internt, fortel Halvor Molland, informasjonsdirektør i Hydro.

Den beste kandidaten 

Molland seier at Vestheim Nordh kjem frå ein tilsvarande jobb i energidivisjonen til Hydro.

– Ho har lang og brei erfaring frå Hydro, og har mellom anna vore HMS-sjef på Karmøy. Etter å ha vurdert alle kandidatane blei Hilde vurdert til å vera den beste, og fekk tilbod om fast stilling. 

Vestheim Nord ligg på stranda og nyt ferien då Porten.no ringer ho tysdag føremiddag, men ho er positiv og glad for å ha fått jobben med seg vidare. 

– Eg tykkjer det er veldig kjekt, og gler meg til å jobba vidare med dei sakene me allereie er starta på, seier ho. 

Til toppen