KRISEPAKKE: Aleksander Heen, gruppeleiar for Senterpariet på Fylkestinget, krev at regjeringa kjem med ei krisepakke til fylka.
KRISEPAKKE: Aleksander Heen, gruppeleiar for Senterpariet på Fylkestinget, krev at regjeringa kjem med ei krisepakke til fylka. (Foto: Senterpartiet)

Sp-politikaren krev at det kjem ei krisepakke for fylkeskommunane

Det kjem fram i ei pressemelding.

Vestland: Vestland Fylkeskommune ligg an til eit underskot på over 700 millionar kroner. No må regjeringa på banen med krisepakkar til det offentlege, meiner gruppeleiar i Vestland SP, Aleksander Øren Heen.

– Me styrer mot ein underskot på mellom 700 og 800 millionar kroner. Det utgjer svært mange lærarstillingar og kollektivavgangar. Storting og Regjering må no visa at dei ser verdien av arbeidet Fylkeskommunen gjer, og vera med på å dekka ekstrakostnadane og dei tapte inntektene me har fått. Om sentrale styresmakter ikkje leverer på dette, kan me ikkje levera dei tenestene me skal, og me blir nøydde til å kutta, seier Heen.

Stor arbeidsgjevar

Krisa råkar økonomien til mange bedrifter og privatpersonar, men ein må ikkje gløyma dei mange offentlege arbeidsplassane som også er under press som følgje av krisa, påpeikar Heen.

– Me er veldig glade for krisepakkane til det private næringslivet, som til dømes olje-, gass-, og verftsnæringa, som betyr mykje for mange arbeidsplassar i vårt fylke. Men eg vil og minna om at Vestland Fylkeskommune er ein stor arbeidsgjevar med 6000 tilsette som òg treng hjelp.  Vestland er ein stor tenesteleverandør. Om ikkje regjeringa leverer med krisemidlar til fylket, kan det få alvorlege utfall for innbyggjarane våre, avsluttar Heen.

Til toppen