Årdal: Sendingane startar til hausten, og blir den niande sesongen for konseptet. Nordheim skal konkurrera mot Alex Rosén, Emil Solli-Tangen, Sandra Lyng og seks andre musikarar i ei rekke ulike sjangrar.
– Eg gler meg vilt, men eg er latterleg nervøs, sa Nordheim til programleiar Kåre Magnus Bergh då deltakarane vart presenterte på NRK torsdag.
Det er ikkje første gongen årdølen deltek på TV-sende sangkonkurransar. I 1995 vann han Med blikket mot stjernene på TV3. I 2012 deltok både han og kona Frid Nordheim i The Voice på TV 2.
– Om eg ikkje får litt bukt med sceneangsten no, då har dét toget gått, sa Nordheim frå scena.