VETERANCUP: Fotballeigenskapane var ikkje heilt på topp, men humøret klarde årdølene å halde oppe. Foto: Sunniva K. Øvstetun
VETERANCUP: Fotballeigenskapane var ikkje heilt på topp, men humøret klarde årdølene å halde oppe. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Årdølene er betre utan ball

Ein kan ikkje akkurat seie at årdølene imponerte under helgas veterancup, men humøret var på topp likevel.

I helga vart det arrangert veterancup i Årdal, Lærdal og Aurland, og mange gamle fotballstjerner møtte opp for å syne at dei ikkje har gløymd gamle kunstar.

Mange av dei frammøtte synte fram gamle, rustne kunstar, men for dei tre Årdalslaga gjekk det heller dårleg. 

Med eitt lag i Veteran-klassen og to lag i Old Boys-klassen skulle ein gjerne tru at Årdølene kunne hevde seg, men dei nådde diverre ikkje heilt opp.

Sikra seg sisteplass
Både Jotun og Åtil/Lærdal stilde lag i Old Boys klassen, og ingen av dei utmerka seg noko særleg.

Jotun skilde seg likevel ut då dei gjekk gjennom turneringa utan sigrar, og sikra seg sisteplassen med glans. Jotun stilde med følgjande avdanka superstjerner:

Per Kopperdal, Peter Sobotinho, Oli Sveinsson, Johan Traustasson, Ole Kristian Øren, Fabian Labarca, Stein Inge Lomheim, John Kenneth Søreide og Kjetil Felde med seg på laget.

Lokale heltar nådde ikkje opp
Sjølv om Årdal FK stilde med fleire lokale heltar og venstreslegga til Johnny Lågøen, gjekk det heller ikkje vegen for dei. Laget tapte alle dei tre fyste kampane sine og kom difor dårleg ut på tabellen.

Likevel fekk laget ein liten opptur i sin siste kamp. Slaget sto mot Fitjar, og årdølene sikra seg sin einaste siger med eit usselt mål. På Årdal FK spelte følgjande:

Geir Nordnes, Morten Brandsdal, Olli Hunderi, Frank Øyre, Bjørge Kilen, Ivan Øy, Johnny Lågøen, Ørjan Loftheim og Geir Frode Rudi.

Nådde målet
Årdalslaget som imponerte mest var Åtil/Lærdal som stilde i Old Boys-klassen. Dei gjekk sigrande ut av tre av sine fem kampar, og kan dermed titulere seg som det beste veteranlaget i Årdal.

- Me vann ikkje alle kampane, men me vann mot Jotun. Det var det viktigaste! Seier Narve Solvoll etter kampen. Dei som spelte på det beste laget var følgjande:

Roger Kleiva, Morten Andersen, Roy Olsen, Bjørn Inge Morland, Kjartan Smedegård, Narve Solvoll, Ørjan Ylvisåker, Tommy Øren, Odd Harald Alme, Edvard Alme og Kenth Lægreid

 

 

 

Til toppen