I GOD STAND: Ferske tal om handelen i Årdal viser at det står bra til og at årdølene er blitt flinkare til å bruka tilbodet dei har tilgjengeleg. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
I GOD STAND: Ferske tal om handelen i Årdal viser at det står bra til og at årdølene er blitt flinkare til å bruka tilbodet dei har tilgjengeleg. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Årdølene er blitt flinkare til å handla lokalt

Detaljhandelen i Årdal vaks så det suste i 2014. Her er forklaringane.

Ferske tal for Balanza viser at detaljhandelen i Årdal vaks så det suste i fjoråret. I 2014 auka omsetninga med seks prosent, noko som er dobbelt så mykje samanlikna med resten av landet. 

Det betyr at butikkhandelen i Årdal tok marknadsdelar dette året. Terje Laberg i Årdal Utvikling forklarar den positive trenden slik.

GLEDELEG: Næringssjef i Årdal Utvikling, Terje Laberg, er nøgd med tala som kom fram. Arkiv
GLEDELEG: Næringssjef i Årdal Utvikling, Terje Laberg, er nøgd med tala som kom fram. Arkiv

– Det nå skuldast at folk i Årdal handlar meir i Årdal og eventuelt at me har besøkande som handlar i Årdal. Det er dei to forklaringane på det. Det er byrja å bli ein betydeleg omsetning på 437 millionar kroner. 

– Det representerer mange arbeidsplassar. Det litt morsomme er at handelen og service no er den nest største sysselsettaren i kommunen, så det er viktig for oss, seier han.

Handelssentrum

Det har blitt gjort taktiske grep frå kommunen si side på dette området, der mykje av handelen er samla i Øvre Årdal som eit sentrum. 

– Dette betyr at folk har sett pris på det me har gjort på handel med å skapa eit stort handelssentrum. Det viser dei gjennom å bruka butikkane, og det er veldig gledeleg, seier Laberg.

– Og så veit me at det kjem ei ny storetablering til (handelshuset i Hydroparken journ. anm.), og Europris saman med to andre butikkar representerer eit sortiment det er stor handelslekkasje på i dag, og då får ein ei betring her.

Sentralisering

Konsekvensen, som har blitt påpeikt i kommunestyremøte, har vore at Årdalstangen har lidd under endringane. Gråpapir eller mørke butikklokale har prega sentrum den seinare tida.

– I ein liten kommune som Årdal kan me ikkje splitta oss opp i mange område. Då vil me ikkje sjå att folk. Me er nøydd til å definera slike sentrum elles får ein ikkje etableringar innan handel fordi handel er avhengig av folk. 

– Øvre Årdal har den rollen no innanfor handel, men for meg representerer Årdalstangen kjempestore moglegheiter, der ein kan gjera noko som kan få Årdal til å veksa vidare.

God dekningsgrad

Dei kalde fakta fortel at Årdal har ein dekning på 79,2 prosent innan detaljhandel utan motor. Dekningsgrad seier noko om kor godt dekka innbyggjarane er i Årdal. 

I ein kommune som Årdal er ein dekningsgrad på rundt 70 prosent bra, men her ligg ein altså over. Laberg fortel at dei jobbar på ein slik måte at dei ser kva område i handelen som har dårleg dekningsgrad og jobbar for å få slike etableringar i kommunen. 

Innanfor det området om Europris dekker til dømes, er dekningsgrad i dag berre på 33 prosent. På matvarehandel derimot er dekningsgraden på 110 prosent, noko som tyder på at det fleire enn årdøler som handlar maten sin i Årdal.

– Det betyr at me ligg ti prosent betre an enn kommunane me kan samanlikna oss med. Årdal er ikkje lenger dårlege på handel. 

Forbetringspotensiale

Rapporten viser samstundes at butikkane i bygda framleis har potensiale til å bli betre. Det gjeld spesielt på sommarmånadane. 

– Der Årdal tapar mest er på seinsommaren og tidleg haust. Det betyr at forretningane ikkje klarar å selja haustmotane sine. Det er denne perioden som treng ekstra merksemd. 

– Det ville vore positivt om det i sommar kunne rettast ein felles kampanje mot turistar. Der er me for dårlege. Me for dårlege på marknaden, fortelja at me er og laga aktivitetar som gjer at folk handlar på seinsommaren og haust, seier Laberg.

Til toppen