Årdal: – Me gjer oss klare for å rocka og til å ta imot folk med god påskestemning, seier Terje Svori, leiar i Hugin musikkforum.
Han kan avsløra at dugnadsgjengen bak Påskerock har jobba på spreng for å rigga alt klart til festival på Bakeriet i Øvre Årdal i kveld og i morgon.
– No er me i rute, seier han onsdag ettermiddag.

Ung start begge dagar
Påskerock i Årdal betyr som regel mykje folk og god stemning. Svori har ikkje heilt oversikta, men håpar i overkant av 400 selde billettar begge dagane.
– Salet går jamnt og trutt, men me reknar med at det blir eit rush i døra, slik det brukar å vera, seier Svori.
På plakaten står ein blanding av debutantar og gamle travarar. I første kategorien finn me Let Us Entertain You, ei gruppe unge musikarar frå Kulturskulen, som har fått æra av å opna Påskerock onsdagen. Først ut torsdag er Tetanuz, det hardtslåande bandet som heldt sin første skikkelege konsert i februar.
Viktig dugnadsjobb for Hugin
Elles blir det gjensyn med The Huskies og Raaskinn. Sistnemnde øver jamt og trutt, men det byrjar å bli ei stund sidan dei spelte på ei scene. Mådds er eit tributeband til dei legendariske rogalendingane Mods, mellom anna kjende for frontfigur Morten Abel og slageren Tore Tang.
Årdal Blueslag og John Holmes Rock Riders utfyller resteplan av plakaten.
– Det er eit variert program, med fleire ulike sjangrar, seier Svori.
For bygdafolket er Påskerock eit årleg samlingspunkt, der òg utflytte årdøler kjem heim for å treffa tidlegare kompisar. For Hugin Musikkforum er det det arrangementet som genererer inntekter til drifta resten av året.
– Det betyr at alle stiller opp gratis og brukar tida si i påsken til å skapa god stemning for folk som bur i Årdal, seier Svori.