LOKALMAT: Sauenæringa i Årdal, Lærdal og Aurland håpar dei kan skape ei merkevare av lammekjøtet dei produserer gjennom prosjektet «Sognalamb». Prosjektet har no fått 80.000 kroner i støtte frå Årdal kommune. Foto: Arkiv.
LOKALMAT: Sauenæringa i Årdal, Lærdal og Aurland håpar dei kan skape ei merkevare av lammekjøtet dei produserer gjennom prosjektet «Sognalamb». Prosjektet har no fått 80.000 kroner i støtte frå Årdal kommune. Foto: Arkiv.

Årdølene er positive til «Sognalamb»

Formannskapet i Årdal sa tysdag ja til å bidra med 80.000 kroner inn i prosjektet «Sognalamb». 

Årdal: Som Porten.no tidlegare har omtalt ønskjer sauenæringa i Årdal, Lærdal og Aurland å skape ei merkevare av lamma, som kan vere av ein heilt spesiell kvalitet samanlikna lokalmat av lam som vert produsert i andre delar av landet.

Les også: Vil starta prosjekt for å utvikla lokalmat av lam frå Sogn

– Me meiner at me i Indre Sogn har svært god kvalitet på beita våre og dermed også på lammekjøtet me leverer – men at me kanskje ikkje får nok att for kjøtet når det går inn i den store kverna, sa sauebonde Ole Bjarne Hovland til Porten.no måndag.

Prosjektet er ei vidareføring av prosjekt «Sau og utmark» som har pågått dei siste fire åra. I dette prosjektet er det sauebøndene i nettopp Årdal, Lærdal og Aurland som har samarbeidd om å styrka næringa i Indre Sogn.

Etterspurnad etter lokalmat

Tysdag sa formannskapet i Årdal ja til å bidra med 80.000 kroner inn i prosjektet. 

– Dette vert laga av reine naturprodukt. Lokalmat er i sterk vekst og noko mange etterspør. Det vil Miljøpartiet Dei Grøne gå inn for, sa Sandra Opheim (MDG).

Eit samrøystes formannskap sa ja til å gi stønaden. Prosjektet har også søkt kommunane Lærdal og Aurland om høvesvis 270.000 kroner og 150.000 kroner. Den siste millionen skal dekkjast av IBU-midlar.

Prosjektet har ei tidsramma på om lag 1,5 år, frå medio 2017 til og med 2018. Budsjettet er på 1,5 millionar kroner.

Til toppen