Årdal: I kulturhuset var det sett opp eit festbord med ulike rettar frå Syria og Afghanistan.
– Me ønskte at dei nye innbyggjarane her i bygda skulle få visa fram sin kultur for folk, og tok initiativ til Smak av Kultur. Alle som er her i dag kan få ein smaksprøve og so langt verkar det populært, seier Gunn Bukve Skaret, styremedlem i LO Årdal.
- Les òg: Møteplassen Kafe: – Ein fantastisk plass for å læra om ulike kulturar og skapa gode nettverk
Nasjonalrett frå Afghanistan
Shiba Amiri kom frå Afghanistan til Årdal november i 2015. Ho fortel at det var mykje å ta innover seg, då ho kom hit.
– Det var veldig kaldt då eg kom. Og på sundagar var alle butikkane stengde. Det var nytt for meg, seier ho med eit smil.
Ho har laga nasjonalretten i Afghanistan, Kabuli og ein rett som heiter Sambose.
Saka held fram under biletet.

Attmed Shiba står Douna og sonen Khaled. Dei kom til Årdal i 2014 saman med familien.
Dei har laga rettar frå Syria. Yabraq, Tabbuleh, Mahashu og Kubba.
– Det er veldig kjekt å få visa fram rettar frå heimlanda våre. Det verkar som folk likar rettane, seier Khaled.