KUNDAR: Andrea Midtun Hunderi og Vanja Thomassen Øren er nøgde med handelen. Foto: Kaja Nygård
KUNDAR: Andrea Midtun Hunderi og Vanja Thomassen Øren er nøgde med handelen. Foto: Kaja Nygård

Årdølene har kasta seg på trenden

Black Friday er ein årleg handledag, då butikkane lokkar med ekstra gode tilbod.

Årdal: Black Friday stammar frå USA og er som oftast dagen etter Thanksgiving. Det er ein tradisjon som nordmennene har kopiert på lik linje med halloween. Tilboda på ulike nettsider stod nærmast i kø om å reklamere for sine varer denne dagen.

Årdølene har også kasta seg på trenden, så fredag var det mange gode tilbod i butikkane. Black Friday var eit felles arrangement handelsstanden i Årdal hadde blitt einige om. 

Fleire tok turen innom Årdalsenteret for å byrje med julehandelen. To av desse var Andrea Midtun Hunderi og Vanja Thomassen Øren. 

- I dag var det gode tilbod i butikkane og me fekk kjøpt eit par julegåver, seier dei. 

Dei fortel at dei hadde gjort mange kupp, både til seg sjølv og til andre. 

Artikkelen held fram under biletet. 

HJELPSAME: Desse to karane er alltid klare til å hjelpe kundane.
HJELPSAME: Desse to karane er alltid klare til å hjelpe kundane.

Marius Loftheim og Sander Boger Øren jobbar begge på Expert. Dei fortel at det har vore ein fin og travel dag, mange har vore innom.

- Mange kundar har kjøpt julegåver i dag, seier Marius og Sander ivrig. 

Dei fortel vidare at dei likar seg godt i jobben og at det er kjekt å kunne hjelpe kundane som er innom. 

Julehandel

Butikkane i Årdal hadde både prosentsal og posesal, så ein kunne gjere ein god handel denne dagen. Desember er rett rundt hjørnet og Søndag tenner me det første lyset i adventsstaken. Mange likar å vere godt komen i gang med julehandelen på denne tida. Då høver det med ein dag med ekstra gode tilbod. 

Mange var innom butikkane denne dagen. Dagen er henta frå USA, men årdølene har ikkje kopiert dei «ville tilstandane» me les om i media. Der dei riv tilbudsvarer ut av hendene til kvarandre. 

- Nei her er det berre hyggelege kundar, ler Marius. 

 

 

 

Til toppen