POPULÆRT TILBOD: På det meste har det vore eit halvt tusen besøkande innom friluftsbadet i Øvre Årdal. Det flotte vêret får det meste av æra for dei gode tala.
POPULÆRT TILBOD: På det meste har det vore eit halvt tusen besøkande innom friluftsbadet i Øvre Årdal. Det flotte vêret får det meste av æra for dei gode tala. (Foto: Årdal kommune)

Årdølene strøymer til friluftsbadet i Syden-vêret

På det meste har det vore eit halvt tusen badande innom på èin dag. Fleire rekordar kan ryka.

Årdal: Ein månad før sesongslutt har friluftsbadet i Øvre Årdal allereie passert talet besøkande frå i fjor. Det sjølv om me tek med badet på Årdalstangen, som i år er stengd.

– Me kjem nok til å nærma oss rekordtal dei åra det har vore betaling. Det glimrande vêret har gjort at me har hatt masse folk inne nesten kvar dag, seier Frank-Runar Øren i Årdal kommune.

LØN FOR STREVET: Det gode vêret har halde fram òg etter opninga. Det er denne gjengen glad for. Frank-Runar Øren står bak til høgre i kvit t-skjorte.  Foto: Halvor Farsund Storvik

Førre helg passerte dei 7600 besøkande, og Øren trur dei gjort eit godt hopp forbi 8000 når dei oppdaterte tala kjem på måndag.

– I fjor var det 5500 inne heile sesongen i Øvre, og 1500 på Tangen. Og enno er det att fire veker av sesongen, seier Øren.

Han har ikkje den offisielle rekorden i hovudet, men har sett det har blitt operert med tal på over 10.000 tidlegare. Men det var for mange år sidan, då det var gratis inngang.

Les òg: Når dei opnar utebassenget tør ho endeleg gå ut døra att

Kan gje økonomisk opptur

I tillegg til vêret, trur Øren dei får drahjelp av at turismen er på veg opp i Årdal. Tindevegen melder stadig om nye rekordar, medan Utladalen i år har vore kulissar for to store norske TV-produksjonar: 71° Nord og Monsen – minutt for minutt

Lokalt har det hjelpt på at skiltinga til badet har blitt betre.

– Det som er bra i år, er at det er mange som har løyst dagsbillettar. Det tyder på at det er ein del turistar innom, seier Øren.

Alt tyder dermed på at det går mot eit godt år økonomisk òg, sjølv om fasiten ikkje kjem før rekneskapen er i summert opp.

– Det er klart at når du har større inntekter, så har du større spelerom til å bruka på nye ting. Til hausten er det snakk om å skifta ut til nye sklier. Dei vart gitt i gåve frå Hydro i 1997, og er klare for utskifting, seier Øren.

STRÅLANDE SOL: Eit vanleg syn denne sommaren. Foto: Årdal kommune

Går mot rekordar

For mange var det ein stor nedtur at utebassenget på Årdalstangen ikkje vart ferdigreparert i tide, sjølv om kommunestyret løyvde pengar til å få det i stand. Øren 

– Du hadde heilt sikkert hatt masse besøkande der òg, om bassenget hadde vore ope, men det er ikkje slik at det er for fullt. Det er nok kapasitet med det eine, seier han.

Rekorden til no i sesongen er 496 besøkande på èin dag. Med prognosane for fredag og laurdag, som viser temperaturar tett opp mot 30 grader, kan den rekorden fort ryka.

– Det kan godt stemma at den ligg tynt an, både dagsrekorden og for heile sesongen.  Eg tippar me kjem til å ha eit kjempebesøk, seier Øren.

Til toppen