POPULÆRT PÅ INSTAGRAM: Årdølene er ivrige på å dela bileter frå turar i nærmiljøet
POPULÆRT PÅ INSTAGRAM: Årdølene er ivrige på å dela bileter frå turar i nærmiljøet (Foto: Katrine Nundal, Malin Hovland, Paula Fykse og Rigmor Øygarden)

Årdølene syner fram bygda på sosiale medium

Bileter av spektakulær natur, høge fjelltoppar, solglimt og friluftsglede florerar på sosiale medium - dette inspirerer årdølene.

Årdal: No som sumaren byrjar å nærma seg og gradestokken gradvis kryp oppover, er det mange som tek turen ut. I eit mekka av flott natur, er det fleire som ynskjer å dela bilete og video frå opplevingar. 

– I sosiale medium bugner det av natur- og friluftslivsbilder, nettopp fordi slike opplevelser er en viktig del av manges liv. At disse bildene også inspirerer og bidrar til at folk kommer seg ut, synes vi er svært positivt, seier kommunikasjonsrådgivar i Norsk Friluftsliv, Linn Elise Jakhelln, til reiseliv.no.

Ungdom mest aktiv

I ei undersøking gjort av Norsk Friluftsliv, oppgir om lag 50% i alderen 15-24 år at sosiale medium inspirerar til trening og friluftsliv. Ni av ti seier dei kjenner seg mindre stressa og lettare til sinns når dei er ute i naturen.  

– Det er ingen tvil om at naturopplevelser betyr svært mye for den mentale helsa vår, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal. 

I samtale med nokre ivrige turgåarar frå Årdal, kjem det fram at dei tykkjer det er inspirerande med bilete og video på Instagram. Dei synest det er kjekt at ein kan dele glimt frå kvardagen, og at naturen i Sogn får merksemd.

 – Det har nærast blitt ein trend her i Sogn å publisera bileter frå turmål. Men eg forstår godt kvifor ein ynskjer å både ta og dela bileter, for me er så heldige som har den naturen me har rundt oss. Eg får ofte god respons på dei bileta eg tar, både frå lokale og andre. Det er ekstra stas, seier ein av dei. 

Porten.no har sin eigen emneknagg på Instagram. Under denna kan ein finna over 5700 bileter frå heile Sogn. 

FRILUFTSLIV: Eit utdrag av dei flotte bilete som ligg på Instagram. Bileta er kreditert med brukarnamn.  Foto: Skjermdump/ Instagram

Me i redaksjonen set pris på alle bilete som blir tagga med #MittPorten, og ser fram til å sjå fleire bidrag. 

Vil du dela eit bilete med oss? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.

Til toppen