Sidan slutten av mars, er det i år tald opp heile 57.601 underskrifter.
Dette er tal som er oppsummert 28.august, og teljinga vil halda fram til 31. oktober.
Første gong i 1998
Første gongen det vart sett ut denne type trimpostar i regi av Svein Fretland i Årdal Turlag på dugnad, var i 1998. Då vart det altså tald opp 7.200 underskrifter.
Etter den tid, har talet på underskifter for "sommartrimpostane" eksplodert. For å ta nokre døme; i 2001 var talet 19.700, i 2004 var det 24.000 namn i bøkene, i 2009 var talet oppe i 63.236, og i 2013 vart det tald opp 58.776.

Storrekord i 2014
I fjor vart det igjen satt ny rekord til gangs, med heile 77.313 signaturar.
- I fjor var det jo ein utruleg fin vår, sommar- og haustsesong. Det skal vel noko til å slå denne i år, men det er ikkje heilt umogleg, Det er uansett ikkje så viktig, det er mange som besøker Trimpostane likevel, og det er me sjølvsagt godt nøgde med, seier Fretland til Porten.no
"Sommartrimmen", "Årdal Gålag" og "Mosjonsskulen" er undergrupper av Årdal Turlag. Svein Fretland er med i alle desse, og starta med Mosjonsskulen i 1991.
Fire svært aktive sjeler
Den praktiske delen av Sommartrim-postane blir styrt av Svein Fretland og

Rolf Solfheim i Øvre Årdal, medan Jon Morland og Tor Walaker tek seg av Årdalstangen.
- Er det kun de fire som spring opp på postane for å sørgja for at bøker og klippetenger blir henta og bragt opp og ned?

- Ja, stort sett. I år har me bytta ut 77 skrivebøker på postane blant anna. Me tykkjer det berre er moro, smiler "trimmotivator", Svein Fretland.
- Kva med rydding og vøling og anna arbeid på stiane og området rundt?
- Det driv me fire med også, i tillegg til andre som er med og tek eit tak.
- Kva er som driv dykk?
- Det er rett og slett motiverande å driva med dette, det at folk skriv namnet sitt i bøkene inspirerer oss. Underskriftene blir på ein måte "lønna" vår det, så må håpar alle som går tur legg att namnet sitt.
- Det er moro å sjå at folk set pris på me driv med. Og ein er ikkje arbeidslaus når ein driv med dette, det går i eitt. God trim får me også, ler Fretland.
Èin vinnar i kvar bok
Når ei bok er utskriven på ein av postane, blir det trekt ut èin vinnar. Då kan vedkomande gå enten til Sportshuset i Øvre, eller Tangen Sport for å bruka 100 kroner der. Det er dei to sportsbutikkane

som sponsar dette.
Dei som har klipt ut klippekorta sine innan 31.oktober kan levera dei på sportsbutikkane, og dei som blir trekte ut som vinnarar, kan gå i dei nemnde butikkane og handla for høvesvis kroner 500,-, 250,- og 150,-, også desse sponsa av Sportshuset og Tangen Sport.
Dårleg med sponsing
Ein periode fekk Årdal Turlag bidrag frå ein bank alt etter kor mange som skreiv seg i bøkene.
- Slik er det ikkje lengre. Men me hadde satt stor pris på om andre kunne gi oss ein liten skjerv slik at me kan halde fram med dette, og eventuelt gjera noko meir me har litt planar om, seier Fretland audmjukt.

Grovt rekna har kvar post fått dette talet på underskrifter fram til 28. august i år:
Årdalstangen:
Lysa: 3.000
Loi: 3.000
Vassbugen: 340
Grisehagen: 2.000
Kyredalen: 2.100
Lauvnes: 1.000
Hesthagen: 1.000
Totalt: 12.200
Øvre Årdal:
Ytre Moa: 16.000
Moloen Årdalsvatnet: 2.000
Skulehus Utladalen: 3.000
Høljabakken: 810
Moadalen: 1.000
Skarpenor: 5.000
Moakamben: 5.000
Avdalen: 1.700
Melheim: 8.000
Vetti: 3.000
Totalt: 45.400
NB! Det ligg bøker i dei fleste trimpostkassane også på vinterstid, men desse blir ikkje talde opp som ein del av "sommartrimmen". - Me håpar likevel folk finn det motiverande å skriva namnet sitt i bøkene, seier Fretland.
Svein Fretland har ført sirlige og nøyaktige tal frå bøkene sidan oppstart i 1998, og det er hjå han Porten.no har fått tala frå.
