GODE GENERALPRØVER: Årdølen Jonas H. Hestetun (t.v. i front på biletet, under kampen for Åsane mot Florø fredag) og hans Åsane har hatt ei god helg i Sogndal med sigrar mot Florø fredag og Sogndal søndag. Årdal FK-trenar Ivan Øy såg laget sitt knusa Voss 6-0 i treningskampen i Øvre søndag. Foto: Stig Høynes/Truls G. Sylvarnes
GODE GENERALPRØVER: Årdølen Jonas H. Hestetun (t.v. i front på biletet, under kampen for Åsane mot Florø fredag) og hans Åsane har hatt ei god helg i Sogndal med sigrar mot Florø fredag og Sogndal søndag. Årdal FK-trenar Ivan Øy såg laget sitt knusa Voss 6-0 i treningskampen i Øvre søndag. Foto: Stig Høynes/Truls G. Sylvarnes

Årdølene vann både her og der

Medan Årdal FK knuste Voss på kunstgraset i Øvre, slo Åsane med Jonas H. Hestetun på laget Sogndal 2-0 i Sognahallen søndag ettermiddag.

Årdal/Sogndal: – Det er alltid artig å scora seks mål. Voss var vel noko prega av at dei spelte kamp mot Fjøra i går, men me tek med oss resultatet og hadde ein veldig bra første omgang. Andre omgang vart noko meir rotete, seir Årdal FK-trenar Ivan Øy.

6-0 enda altså oppgjeret mot vossingane; årdølene putta tre i kvar av omgangane. Fredrik Sørlie og Vegard Bukve stod for to nettkjenningar kvar, Christian Stedje scorde eitt mål, det same gjorde Terje Øvstetun.

Voss spelar i 4. divisjon – som årdølene kjem til å gjera komande sesong. Dei spelar i kvar sine avdelingar, men altså på same nivå, og då skulle 6-0-siger teikna godt.

– Det er mange lyspunkt i kampen, me har bra offensiv kraft. Men me er midtvinters og kampen bølgja att og fram med spel av varierande kvalitet, seier Øy nøkternt.

Nasestyvar for Sogndal

Medan årdølene slo hordalendingar i Årdal, var ein årdøl med på eit hordalandslag som overraskande slo Sogndal i Sognahallen søndag ettermiddag.

For treningskampen mot OBOS-laget Åsane vart ei heller trist affære for Sogndal; trass divisjonsskilnad på papiret og heimebane vart det 2-0-tap. 

Det første målet for bergenslaget kom halvtimen uti 1. omgang etter ein corner; forsvarsspelaren Eirik Wollen Steen prikka inn 1-0. Også i 2. omgang var det etter halvtimen det skulle skje; Vadim Manzon dobla for gjestene.

Sogndal hadde trykket i størstedelen av kampen og var farleg frampå fleire gonger, men sleit med å bryta ned eit kompakt Åsane-forsvar.

Jonas H. Hestetun frå Årdal signerte for Åsane tidlegare på nyåret og var i sving i deler av begge kampane bergenslaget har spelt i Sognahallen denne helga; først i 3-1-sigeren mot Florø fredag, så altså i 2-0-sigeren mot Sogndal søndag. 

Les også: Årdøl til OBOS-ligaen

Til toppen