TREND: I Årdal kan ein gå på handarbeidcafé i Seimsdalen ungdomshus. Foto: Sunniva K. Øvstetun.
TREND: I Årdal kan ein gå på handarbeidcafé i Seimsdalen ungdomshus. Foto: Sunniva K. Øvstetun.

Årdøler heng med på handarbeidstrend

Handarbeidscafeen i Seimsdalen har blitt eit populært tiltak.

Det byrja i fjor haust, då Ingrid Nordbye-Antonsen tok initiativ til å starte opp med handarbeidscafeen. No møtest dei kreative damene kvar onsdag 19.00 i Seimsdal ungdomshus.

– Eg har vakse opp med ei mor som var svært glad i handarbeid, og eg har alltid likt det eg og, seier Nordbye-Antonsen til Porten.no. 

Vidare fortel ho at tanken bak ideen var å skape ein stad der folk med interesse for handarbeid kan møtast og utveksle inspirasjon og erfaring.

Stor variasjon

Rundt bordet pratast det om masker, strikkepinnar og oppskrifter, og lyden av pinnar som hyppig slår mot kvarandre er lett å høyre. 

På bordet står det kaker og kaffi og garn i alle moglege fargar ligg klare. Damene både strikkar og heklar, og det verkar som om det berre er fantasien som set grenser. 

Damene lagar alt mogleg, alt frå babyklede og Skappel-genserar til eggevarmarar og tøyleiker.

Eit verdsett tilbod

Ei av damene Porten.no møtte onsdag kveld var Anette Sundal. Ho snakkar varmt om tilbodet, og tykkjer det er svært koseleg.

– Det er kjekt å møte nye menneske med same interesse. Det er veldig lærerikt og det er fint å ha nokon ein kan dele inspirasjon og erfaringar med. 

– Me begynnar i sju tida og held på eit par timar. Me er ein fin gjeng som er samla, men det er alltid plass til fleire.

Til toppen