Det vart lagt mange fakta på bordet i dag, og Knut Storberget, Ingrid Heggø og Åsmund Aukrust engasjerte seg i jervedebatten. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Det vart lagt mange fakta på bordet i dag, og Knut Storberget, Ingrid Heggø og Åsmund Aukrust engasjerte seg i jervedebatten. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Årdøler imponerte

Stortingsrepresentantane Knut Storberget, Ingrid Heggø og Åsmund Aukrust frå Arbeiderpartiet vitja Årdal torsdag. 

Ingrid Heggø, Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane, Åsmund Aukrust frå Stortingets Energi-og miljøkomité og Arbeiderpartiet sin landbrukspolitiske talsmann Knut Storberget nytta heile torsdagen til å drøfte viktige næringar i årdalssamfunnet. 

Naudsynt med fjellbeite

Dagen byrja på Hovland Gard i Naddvik, der Ole Bjarne Hovland tok seg ein pause midt i lamminga for å vera vertskap for dei tre stortingspolitikarane frå Arbeiderpartiet. Saman med Hovland representerte Aleksander Øren Heen, Erling Offerdal og Kari Sigrun Lysne sauenæringa denne dagen. I tillegg deltok ordførar Arild Ingar Lægreid, leiar i Årdal Arbeiderparti Morten Skarsbø, og Hilmar Høl, leiar av Sogn og Fjordane Arbeiderparti. 

Artikkelen held fram under biletet.

Eit av årets lam frå Hovland Gard.
Eit av årets lam frå Hovland Gard.

Temaet var den aktuelle jervedebatten, og Knut Storberget engasjerte seg stort i dei daglege problemstillingane sauebøndene i fylket har med å gjere. – Fjellbeite vert viktigare og viktigare i tida framover, seier Storberget og syner til dei gode resultata Årdal og Lærdal har på slaktekjøtet. I Årdal vert over 90% av det slakta lammekjøtet rekna som gourmetkjøt. – Kokkar vert jo meisterar i VM med kjøt frå Sogn og Fjordane, legg Ole Bjarne Hovland til. 

Lokal industriutvikling

Ordførar Arild Ingar Lægreid informerte stortingsrepresentantane om eit utviklingsprosjekt som Årdal Utvikling og Årdal kommune har sett i gang. Med fylkeskommunale omstillingskroner vil dei nytta månadane framover til å utvikla prosjektet vidare før dei vil prøve å få Norsun til å overta prosjektet.
– Det går i korte trekk ut på å byggje på bedriften og auke produksjonen. Me trur det er heilt naudsynt for at den bedriften skal ha mogelegheit for å klara seg i Årdal og i Noreg, seier Lægreid. 

Artikkelen held fram under biletet.

Åsmund Aukrust og Ingrid Heggø var begge nysgjerrige på industrinæringa sine utviklingsplanar i Årdal.
Åsmund Aukrust og Ingrid Heggø var begge nysgjerrige på industrinæringa sine utviklingsplanar i Årdal.

Ingrid Heggø, Knut Storberget og Åsmund Aukrust fekk og høyre om karbonprosjektet til Hydro, der formålet er å auka produksjon av karbon vesentleg i Noreg. 

– Vi ser jo på det som positivt at signala frå Brandtzæg (Svein Richard, journ. mrk) er at dei skal satsa i Noreg. Difor er dette karbonprosjektet uhyre viktig for oss, seier leiar i Årdalstangen kjemiske arbeidarlag, Odd Arne Fodnes.

Odd Arne Fodnes fortel om karbonprosjektet til Hydro.
Odd Arne Fodnes, leiar i Årdalstangen kjemiske arbeidarlag.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Teknologien som vart utvikla i Årdal og som no vert prøvd ut i Karmøy vart og

tema under møtet. – Det må og seiast at vi er skuffa over Arbeiderpartiet i den åtteårs-perioden dei sat, seier Fodnes. Han syner til dei mange vitjingane Ingrid Heggø og fleire andre sentrale politikarar har hatt i Årdal, der Teknologisenteret og teknologimiljøet har vorte velsigna fleire gonger. – Og nettopp den teknologien me utvikla her, skal no fyrst utprøvast på Karmøy, poengterar Fodnes. Dette vert hjå årdølene framleis sett på som eit svik frå Hydro si sida, og årdalordføraren er einig i både denne og tidlegare uttalelsar om saka.

Kva tenkjer du om at årdølene er skuffa over innsatsen til Arbeiderpartiet i regjeringsperioden når det kjem til enkelte avgjersler Norsk Hydro har tatt?

– Sjølv om Staten er største eigar kan me ikkje kontrollera bedriftene politisk, seier Ingrid Heggø. 

Fokus på lærlingar

Anne Kauppi fortel stortingspolitikarane om Sogn Opplæringskontor.
Anne Kauppi i Sogn Opplæringskontor. 
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Anne Kauppi og Sogn Opplæringskontor synte stortingspolitikarane den suksessen opplæringskontoret har hatt dei siste åra, og fekk fram kor viktig det er å halde på bedriftene her i Årdal slik at det fins nok lærlingplassar. 

Dei tre politikarane vart særs imponert over samarbeidet mellom Årdal Vidaregåande Skule og industrien i bygda. Norsun, Hydro, Årdal VGS og Sogn Opplæringskontor er alle avhengige av kvarandre for å kunne utvikla seg i takt med framtida.

 

 

Til toppen