SESONGSTART: I desse dagar førebur Edin Øy (biletet) og Henrik Furebotn seg til å møtast med sine respektive lag komande søndag. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.
SESONGSTART: I desse dagar førebur Edin Øy (biletet) og Henrik Furebotn seg til å møtast med sine respektive lag komande søndag. Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball.

Årdøler møtast i første serierunde

Denne helga startar endeleg Eliteserien. Allereie i første runde møtast to årdøler. 

Årdal: Dette er ei helg mange har venta på. For Edin Øy og Henrik Furebotn er det naturlegvis ekstra stas. Søndag er sjansane store for at dei to møtast til dyst.

For medan Henrik Furebotn nesten garantert startar for Bodø/Glimt, er det framleis ikkje klart om Edin Øy er teken ut i Sogndal-troppen som reiser nordover. Det får ein først svar på laurdag.

Likevel, to årdøler på øvste nivå i norsk fotball er det ikkje kvar dag ein ser. Og sjølv om det svært så tidleg, er det opplagt at søndagens kamp er viktig for begge lag, som fort kan måtte kjempe om dei same poenga og plassane denne sesongen.

– Me har hatt ein del utskiftingar frå laget etter den gode hausten me hadde. Me har fått inn ein del nye, så det blir spennande å sjå korleis dei tek nivået, seier Furebotn (30), som spelte det som var av kampar så lenge han var frisk førre sesong. 

Vil spela mest mogleg

Med mindre noko uventa skulle skje til søndag, startar han mot Sogndal. For den tolv år yngre sambygdingen Øy er det ikkje klart kven som er utteken enno. I fjor fekk 18-åringen fire kampar på Noregs nest høgste nivå. I år er ambisjonen klar.

– For min del har eg som mål å spela mest mogleg og få lov til å bidra med eit positivt inntrykk i Eliteserien. Som lag skal me prøve å plukke mest mogleg poeng, seier Øy. 

På mange måtar følgjer Øy i same fotspor som Furebotn. Sistnemnte var riktignok eit par år eldre då han debuterte for Sogndal i 1. divisjon. Han fortel at nivåforskjellen på dei to divisjonane er merkbar.

– Slik eg hugsar det var bortekampane meir robuste og med mykje duellar, medan i Eliteserien er det mange bra spelarar og landslagsspelarar. Det er litt fleire folk på kampane og eit ekstra trøkk, fortel Furebotn og kjem med råd til Øy.

– Eg var jo litt heldigare enn Edin sidan eg hadde moglegheit til å spele 2. divisjon med Jotun. Det gjorde at eg ikkje gjekk til Sogndal før eg var 19. Me hadde eit bra lag i 2. divisjon, og eg spelte fast der. Der utvikla eg meg meir enn på Sogndal sitt andrelag. Edin må berre vera tolmodig og visa på trening at han er der. I tillegg må han vise seg fram på andrelaget og at han tar dette dønn seriøst. 

Håpar på speletid mot Furebotn

Akkurat det har 18-åringen planar om.

– Kva signal har du fått med tanke på speletid?

– Signal og signal. Det er treningskvardagen som er viktig, og eg må visa meg fram på trening. Eg veit at det er så fair at dersom eg er god nok på trening, så får eg sjansen. Eg er glad for at det er slik, seier ungguten. 

No håpar han at han får sjansen til å spele mot Furebotn, som han såg opp til då han framleis spelte miniputt-turneringar.

– Eg kjenner Henrik godt, og det hadde vore kult å få spela mot han. Han er ein god fotballspelar som har hatt ei flott karriere. Det er ikkje kvar dag to årdøler får spela mot kvarandre på øvste nivå, så det hadde vore kult.

Romjulsturnering

30-åringen deler dei same tankane. I tillegg til å treffe Øy, får han også sjå att sin gamle klubb.

– Det er berre kjekt. Eg kjenner jo Sogndal og Edin godt. Det er berre moro, og då blir det litt som på løkka att. Eg har spelt litt saman med han då eg har trent med Årdal. Elles var me på lag i romjulsturneringa.

– Korleis gjekk det?

– Dette kunne gått betre, smiler Furebotn. 

Til toppen