EKSPLODERAR: Folk strøymer til den nyoppretta Facebook-gruppa 1424 Aordøl som syner Årdal før i tida.
EKSPLODERAR: Folk strøymer til den nyoppretta Facebook-gruppa 1424 Aordøl som syner Årdal før i tida.

Årdøler strøymer tilbake til fortida 

Facebook-gruppa som syner Årdal "i gamle dagar" har fått over 1000 medlemmar på under tre veker.

- Det er triveleg å sjå at folk grev fram gamle bilete i skuffer og skap som dei ønskjer å dela med oss andre, seier Tor Høgmo som starta Facebook-gruppa 1424 Aordøl.

Interessa for gamle fotografi og forteljingar har vore eksplosiv og på berre få veker har over 1000 menneske spurd å få vera med i den lukka gruppa.

Tilfeldig at den var oppretta

Så langt har 1077  fått lov til å vere med gruppa som har tiltrekke seg årdøler i alle aldrar.

- Tydelegvis likar folk det dei ser, men det er reine tilfeldigheiter at gruppa var til. Eg sat å pusla litt ei helg for å leite fram informasjon om dei gamle kopargruvene og koparverket som låg i Øvre, nede på Farnes. Det var der det starta, fortel Høgmo.

Responsen var enorm då Høgmo publiserte dei gamle bileta frå kopargruvene på sine private Facebook-side.

- Det var heilt vilt. Folk hogg til og kommenterte i hytt og pine. I mitt stille sinn tenkte eg at eg burde finne på noko meir. Det var slik det starta. Eg oppretta gruppa ”1424 Aordøl” og publiserte tre bilete. Tydelegvis trefte eg nokon i hjarterota for det skapa stor interesse, seier han.

GAMLE DAGAR: Tor Høgmo starta med å publisere eldre fotografi på si eiga Facebookside. Her er Tangen i 1914.

Nysgjerrige på slekt og vener

Fotografi og gjenstandar som berre har vore tilgjengeleg for den næra familie, spreidde seg som eld i tørt gras på den nyoppretta Facebook-gruppa.

- Folk leirar etter slekt og vener. No er det no slik i Årdal at mange er i slekt utan å vite om det. Halvparten kjenner alle. Mange unge legg ut gamle bilete av folk dei ikkje veit kven er. Så har vi dei eldre karane og kvinnene som veit kven absolutt alle er og som blar opp med informasjon om dei ulike slektstrea. Setninga byrjar som oftast med ”no skal du høyre her”, seier Høgmo.

Dei gamle bileta gagnar ikkje berre den næraste familien, men har stor verdi for resten av samfunnet, meiner Høgmo.

- Folk vil veta litt meir enn det som dei ser når dei opnar døra om morgonen. No har dei moglegheita til akkurat det. Det er knakande kjekt, rett og slett, seier han.

SNØKØYRING: Eit anna bilete som Høgmo har lagt ut syner snørekjøyring 1947.

- Vi er nok litt frimodige

Sjølv om medlemmar kan invitere kjent og nært til å bli medlemmar av gruppa, er det likevel eit regelverk som folk må forholda seg til.

Det vi publiserer av tekst og bilete må vera anstendig. Vi er nok litt for frimodige til tider. Det som gneg litt baki nakken er at vi finn bilete ute på nettet hjå andre, og tek dei inn utan å spyrgje fyrst, seier Høgmo.

Han forsvarar det med at gruppa er lukka, slik at han og dei andre administratorane kan drive ein viss overvaking av det som vert publisert.

Ein må vera svært forsiktig i det augneblikket ein byrjar å diskutere andre personar. Så langt har det gått makalaust med alt som har blitt lagt inn, utan om ein kommentar. Eg har vell grusa ein som prøvde seg på ei linje eg ikkje tykte noko om, seier Høgmo.

Administrasjonen i gruppa held eit vake auge med kva som føregår i gruppa, men Høgmo presisera at det kan ikkje vere ein heildagsjobb.

Vi må setje ei klar grense og dette har eg opplyst om ei ein post som er festa øvst på sida, seier han.

 TYIN: Dette bilete syner tyinoset bygging støttemur dam 1941 og er lagt ut av Tor Høgmo.

Sit på den andre sida og ser inn

Tor Høgmo er ein utflytta årdøl som på 1980-talet valte å busetja seg i Skien.

Det spelar ingen rolle kvar ein bur når ein lagar ei slik side. Mange har flytta opp gjennom åra, men som er like interesserte i historia til heimkommunen. Har vi ikkje flytta heimatt endå, så kjem vi nok ikkje til å gjere det, seier han.

Sjølv om han ikkje skal tilbake til Årdal med det fyrste, synest han det er moro og interessant å få sjå fotografi frå heimstaden som han aldri har sett før.

Det starta med gardar, gamle landskap, oversiktsbilete og etterkvar fekk vi ein førekomst av familieportrett og slektsbilete, seier han.

Han innrømmer at han har fått eit litt anna syn på bygda enn ”dei som sit med nasen og ser ut” etter at han oppretta gruppa.

- Her er det mykje nytt ein ikkje har sett før. Så er det spørs kor lenge denne interessa varar. Kanskje blir det som med TV-en – alt vert til slutt brukt opp, absluttar han.

I nabokommunen har også bygdefolket oppretta ei liknande gruppa som går under namnet "Svunnen tid i Lærdal". Her vert det også lagt ut eldre fotografi og minner frå gamle dagar.

Til toppen