– Are you ready to die in battle!?

Bli med inn i Njardarheimr og les om både viking-catfight og turistar som vart lett skremde av vikingguiden.

BESTEMT: Mannen til denne vikingen har vonleg gøymt seg godt..
BESTEMT: Mannen til denne vikingen har vonleg gøymt seg godt..

Aurland: - Has anyone seen my husband? seier ei vikingdame med steikepanne heva over hovudet i det ho passerar eit følgje turistar på guiding i den nye vikinglandsbyen i Gudvangen, Njardarheimr.

Nei, ein skal ikkje kimsa av vikingdamene. Medan mannen hennar truleg gøymer seg vel, er to andre vikingdamer i tottane på kvarandre. Kva denne krangelen handlar om, er uvisst, men mellom ukvemsorda kan det verka til å vera klesvaskrelatert.

Artikkelen held fram under biletet

CATFIGHT: Når fotografen blir oppdaga, kjem smilet brått fram - i alle fall hjå den eine.
CATFIGHT: Når fotografen blir oppdaga, kjem smilet brått fram - i alle fall hjå den eine.

I alle fall står mannen til den eine av damene og betraktar opptrinnet sløvt frå døropninga i vikinghuset til paret.

- Are you ready to die in battle?! bryt Mal Dickson ut og hyttar med øksa si mot ein av turistane i følgjet han guidar rundt i Njardarheimr.

- Skal formidla kunnskap på underhaldande vis

Slik er nokre minuttar av ein dag blant vikingane. Hovudguide i Njardarheimr, Mal Dickson, forklarar:

- Me vil gi turistane innsikt i vikingsamfunnet både ved å formidla kunnskap og gje dei ei oppleving på underhaldande vis. Så dei skal bli både litt skremde, læra og le, humrar Dickson i skjegget.

Njardarheimr i Gudvangen vart opna denne veka. Landsbyen består hovudsakleg av hus for vikingane, eit større høvdinghus og ein souvenirbutikk innpakka i eit autentisk bygg.

- Dette er bygd med same type tømmer dei nytta i vikingtida og ved bruk av dei same byggjeteknikkane som då; ekspertar på denne typen handverk frå Danmark, Tyskland og Noreg har stått for bygginga, forklarar Dickson.

- Og dette er berre fase 1; i fase 2 skal me få opp fleire signalbygg. Mellom anna skal me få opp eit tradisjonelt langhus for spesielle festar og hendingar, me skal ha opp eit seremonibygg og ei smie. Og det skal bli dyr her etter kvart, fortel han vidare.

- Litt som eit vikinghotell

Eit påtrengjande spørsmål blir kven desse vikingane som bur i husa eigentleg er.

- Me har ein førespurnad ute i det store vikingnettverket i verda om at vikingar kan koma hit til Njardarheimr og gjera sine kunster. Dei må gjennom ein krevjande test, og dersom dei består, blir dei "frimenn av Njardarheimr", seier Dickson.

Kunstene kan vera alt frå handverk med tre, tekstil, metall, lêr og så vidare - eller det kan vera kunster i form av underhaldning og musikk.

Blir ein frimann får ein bu på Njardarheimr og bli ein av vikingane publikum kjem for å oppleva.

Les også: Vikingane i Aurland ser etter medborgarar til den nye landsbyen

- Det blir litt som eit vikinghotel. Og frimennene kan selja varene sine til turistane. I tillegg kjem vikingane til å kjøpa og selgja varer seg imellom, forklarar Dickson.

- Kor mange vikingar er det her?

- Vanlegvis blir det rundt førti, men så flyttar nokre inn og nokre ut, så det kan variera ein del. Under vikingmarknaden i oktober ventar me 5-600 vikingar hit.

Forstod han var viking då han kom til Noreg

Sjølv er han skotte og kom til Noreg for tre år sidan.

- Skottland har ei rik vikinghistorie, så eg har alltid vore interessert i dette. Men det var først då eg kom til Noreg at eg forstod eg var viking.

- Korleis følest det å nett ha opna ein vikinglandsby?

- Det følest ganske spesielt. Me har rekonstruert noko på ein måte som ikkje er gjort på tusen år.  Alt er autentisk så langt det let seg gjera. Opninga gjekk veldig fint, alle kosa seg. Så me føler oss privilligerte som har Njardarheimr. Det håpar me publikum som er innom her vil føla også.

Tre turistar spaserer forbi og inn portalen til vikinglansbyen.

- Welcome to Njardarheimr! brøler Dickson og hyttar med øksa.

- Du skremmer dei ikkje når du gjer slik?

- Kanskje, men vonleg på ein god måte, humrar han.

På vikingkafè

VIKINGBRØD: Slike flate brød held seg lenge, og vart difor nytta av vikingar på tokt
VIKINGBRØD: Slike flate brød held seg lenge, og vart difor nytta av vikingar på tokt

Hakket meir fredeleg er det hjå John, som gjer klar vikingkafeen til opning for dagen.

- Her har me flate vikingbrød; dei heldt seg i lang tid, så vikingane hadde alltid med seg slike når dei reiste ut på tokt, fortel han.

I ei gryte putrar grønsakssuppa, i ei anna urteteen. Her er røykjelaks, byggrynssalat, fleire typar brød, ramslaukssmør, eplekake med honning og nøtter og pølser.

Artikkelen held fram under biletet

KAFÈ: Viking-John gjer i stand til opninga av vikingkafèen; i grytene putrar grønsakssuppe og urtete
KAFÈ: Viking-John gjer i stand til opninga av vikingkafèen; i grytene putrar grønsakssuppe og urtete

- I pølsene har me urter av same type som er funne i arkeologiske utgravingar frå vikingtida, så desse typane veit me at dei brukte. Dei brukte massevis av urter, så det var på ingen måte kjedeleg kost, forklarar Viking-John.

Til toppen