Lærdal: – Me bør ha ein plan som er førande og styrande og god nok til at me slepp å søkja om dispensasjonar heile tida, seier arealplanleggjar Monika Lysne i Lærdal kommune.
Alle kommunane i Noreg er pålagde å laga ein arealinndelingsplan som skal gjelda for tolv år frametter.

Torsdag heldt Lysne føredrag for kommunestyret, og kasta lys over vanskelege vurderingar dei snart kjem til å stå framfor.
Oreigning av jordbruksareale
I føredraget sitt nemnde Lysne at kommunen dei siste førti åra ikkje nokon gong har teke (oreigna) landbruksareal frå bøndene. Kommunen har vore nære på å gjera det, men har då i staden kome til forlik med grunneigaren.
På Lærdalsøyri skortar det no derimot på ledige tomter.
– Kanskje vil me verta nøydde til å planleggja prosjekt på annan manns grunn, sidan me ikkje har nok grunn sjølve. Me må vera budde på at det ikkje vert noko lett å laga denne langtidsplanen, sa Lysne til politikarane.
Ho understreka overfor Porten.no at ho ikkje bestemmer noko som helst, alt er sjølvsagt opp til politikarane.

Ho sa at dette også handlar om kor langt politikarane er viljuge til å gå for å få utvikling i bygda. Sjølv håpar Lysne at dette kan ordna seg sjølv utan å vurdera oreigningstiltak.
– Det beste er når grunneigarane sjølve kjem med framlegg om å nytta areala sine til næringsareal eller anna, sa ho.
Ho synte til at det i visse andre kommunar i landet er rikeleg med ledige bustadtomter. Ein konkret kommune ho viste til, skreiv i ein rapport at dei truleg hadde nok ledige tomter til å klara seg dei neste ti åra. På Lærdalsøyri, derimot, er det ikkje ei einaste ledig bustadtomt.
Ein annan ting ho nemnde, er at Fylkesmannen har sagt at nye bustader som vert bygde på Lærdalsøyri skal vera i gåavstand til Lærdal sentrum. Dersom eit slikt påbod skal fylgjast, so kan det setja eit endå større press på jordbruksarealet sentralt i bygda.
Lysne minna òg om det gjeldande vedtaket for områda langs Lærdalselvi. Det skal vera byggjefri sone femti meter på kvar side av elva.

Skremmande omsyn å ta
Lysne sa i talen sin at den globale oppvarminga bør reknast med når politikarane skal planleggja nye bygningar i Lærdal. Det vil i so fall minska det potensielle bustadarealet på Lærdalsøyri.
Ho nemnde at nivået på verdshava, og dermed også på fjorden inn til Lærdal, vil stiga dei komande åra. Dette oppmoda ho politikarane om å ta høgde for når dei skal laga nye reguleringsplanar for bustad og næring.
Ein annan ting ho peika på, er at det vil koma villare regnbyger. Dermed vil det koma fleire jordskred, også frå lende i fjella som ikkje tidlegare har vore rasutsette. Og ikkje minst vil Lærdalselvi ha lettare for å gå over elvebreiddene på Lærdalsøyri frametter, og skapa flaum.

– Klimaet har svinga opp gjennom historia. Men no svingar det ikkje, no går kurven rakt oppetter, og det må me berre ta inn over oss, sa Lysne.
Ho trur den faktoren vil kunne hindra utbygging visse stader. Dette fører so til eit endå større press på dei areala som ikkje er truga av sjø, flaum og skred.
Lufta tanke om å byggja ut i fjellsida
Lærdalsøyri er kringsett av fjell, og Lysne nemnde òg at ein kan sjå på kva høve det eventuelt vil vera til å byggja ut til bustadføremål i ei av fjellsidene. Men ho er usikker på om dette faktisk er realistisk å få til, trass i at det tidlegare har vore sett på om fjellsida over Mjølkeflata på Lærdalsøyri kan byggjast ut.
Ho levde seg inn i korleis det ville vera å sitja heime oppi ei fjellside i Lærdal, og nyta synet av ein vakker solnedgang i Lærdalsfjorden sommartid.
Men ho la til at det vil vera veldig utfordrande og dyrt å få til, ikkje minst med tanke på skredsikring. På den andre sida tenkte ho seg at det ville vera svært attraktivt for folk å skaffa seg ei bueining i ei fjellside i Lærdal, og at det ville verta dyre tomter og bustader ut av det.
– Eg veit ikkje om me er so pressa at me treng å tenkja utbyggjing oppå der. Kan me heller fortetta på Øyri, eller er me so pressa at me må tenkja oppetter i fjellsidene?, spurde ho seg då Porten.no ville høyra meir om dette.