Året om har gått: Oktober til desember

Året om har gått: Oktober til desember

I dei fire siste dagane av året skal Porten.no ta eit tilbakeblikk på 2016. 

Frå fjerde juledag til nyttårsafta tek me føre oss tre saker frå kvar månad av 2016. Me har vald ut saker delvis basert på kva me meiner var det viktigaste som skjedde kvar månad og delvis basert på lesartal. 

Me avsluttar med oktober, november og desember:

Oktober

Ljøsne skule vart nedlagt

Det var ein turbulent haust i Lærdal, og saka med aller sterkast kjensler var nok skulebruksplanen. For, rådmannen hadde innstilt alternativet i skulebruksplanen som medførte at Ljøsne skule skulle leggjast ned, og det låg an til å bli «close race» når saka skulle opp i kommunestyret 20.oktober.

Artikkelen held fram under biletet

NEDLAGT: 20.oktober vedtok kommunestyret i Lærdal å leggja ned Ljøsne skule. Arkiv
NEDLAGT: 20.oktober vedtok kommunestyret i Lærdal å leggja ned Ljøsne skule. Arkiv

I framkant mobiliserte foreldra på skulen stort; dei skipa til møte med politikarane og var aktive i media vekene før det avgjerande kommunetyremøtet. Det var ei sak der innsparing på både drift og investering var vinsten, og tapet for grendi Ljøsne ved at skulen vart nedlagt var eitt av to store motargument - moglege negative konsekvensar for elevane på Ljøsne det andre store motargumentet. Også slikt som at det er på Ljøsne det er best plass til å byggja bustader i Lærdal, og at eit av hovudargumenta for å få lang tunnel forbi Ljøsne i samband med vegutbygginga vart drege fram av skuleforkjemparane.

Og det vart akkurat så mykje kjensler og så på vippen som førespegla då saka vart avgjort i kommunestyret 20.oktober; ni stemte for nedlegging og åtte stemte mot.

Les også: – Me må bli ferdige med grendakampen

Les også: Ljøsne skule blir lagt ned

Les også: – Omsynet til bornas beste har falle totalt for økonomi

Fekk 20 millionar kroner mindre å rutta med

Den store nedgangen i eigedomsskatt på kraftverk for kraftkommunane var ein av mange store saker i haust - og den som råka flest kommunar hardast. For i midten av oktober fekk kommunane beskjed frå Sentralskattekontoret om at dei ville få vesentleg mindre i eigedomsskatt på kraftverk, hovudsakleg grunna låge kraftprisar og såleis mindre verdi på kraftverka. For Årdal, Lærdal og Aurland totalt er det snakk om 20 millionar kroner mindre enn kva dei hadde budsjettert med.

Saka vart mykje omtala hausten gjennom, og etter kvart dreia debatten inn mot kapitaliseringsrenta. Denne renta har stått stille på 4,5 prosent sidan 2012 trass i at styringsrenta har stupt sidan. Og ei høg kapitaliseringsrente gir mindre inntekter til kommunane. Dermed vart det oppretta dialog inn mot Stortinget, og i statsbudsjettet låg det inn at renta skulle justerast ned, men ikkje når det skulle skje. Håpet var at finansminister Siv Jensen skulle gå inn og iverksetja ein rentenedgang frå 2017, men det gjorde ho ikkje, og der står saka.

Les også: – Det er ekstremt alvorleg

Les også: – Kommunane leikar ikkje butikk

Les også: – Det handlar veldig mykje om velferd i kommunane

Sogndal berga i praksis tippeligakontrakten

Kampen mot Brann på Fosshaugane 1.oktober vart rett nok ingen veldig stor kamp - det enda 0-0, var rimeleg sjansefattig og det mest spennande som skjedde var eigentleg at Bismarck Acosta fekk raudt kort etter å ha vore ufin mot Henrik Furebotn.

Rett nok var det ein teoretisk moglegheit for at Sogndal skulle rykkja ned til heilt på tampen av sesongen, men i praksis var plassen berga i denne serierunden, og Sogn og Fjordane har lag på øvste nivå også i 2017.

Les også: – Pinleg å sjå menn falla slik

Les også: Sjå bileta frå folkefesten på Fosshaugane

November

Det spissa seg til i reformdebattane 

Dette var altså den store reformhausten der viktige avgjerder skulle takast både i høve politireforma og regionreforma.

Når det gjaldt regionreforma vart det harde tak i kommunestyret i Årdal i november - Erling Offerdal (Sp) skulda Hilmar Høl (Ap) for å driva høgrepolitikk ved å vera så pro regioreforma, og fekk til svar at «det fekk vera måte på frekkheit». Kommunestyret gjekk til slutt inn for å støtta det vidare arbeide med ei regionreform med eit knapt fleirtal.

Artikkelen held fram under biletet

BRYSK: Hilmar Høl (Ap) var ikkje blid då Erling Offerdal (Sp, med ryggen mot) skulda han for å driva høgrepolitikk. Arkiv
BRYSK: Hilmar Høl (Ap) var ikkje blid då Erling Offerdal (Sp, med ryggen mot) skulda han for å driva høgrepolitikk. Arkiv

I kommunestyret i Lærdal var det også mykje fram og tilbake om saka, og her enda det med eit knapt fleirtal som gjekk mot vidare arbeid med regionreform.

Når det gjaldt politireforma gjekk Årdal og Aurland i ein slags allianse der dei meinte at dei begge budde ha lensmannskontor når kartet skulle teiknast endeleg etter den sokalla nærpolitireforma. politikarane i Lærdal følte seg skvisa av naboane, og Kristen Olav Grøttebø (Ap) framførde ei lang rekkje argument for at lensmannskontoret burde liggja i Lærdal under kommunestyremøtet i november.

Når det gjeld regionreforma gjekk Fylkestinget i desember inn for å jobba vidare med ein Vestlandsregion saman med dei to naboane i sør. Men Rogaland trekte seg, så status er at Sogn og Fjordane og Hordaland, moglegvis med dei nordre delene av Rogaland, held fram forhandlingane.

Når det gjeld politireforma innstilte politimeisteren i desember at lensmannskontoret for Indre Sogn skal liggja i Lærdal.

Les også: Høl skulda for å driva høgrepolitikk: – Får vera måte på frekkheit

Les også: Fylkestinget sa ja til Vestlandsregionen

Les også: Politireformen: – Me blir skvisa ut av naboane

Les også: Dette kan bli den nye tenestestaden til Knudsen

Vedtok tunge investeringar og grunnlaget for budsjetta vart lagt

Politikarane i Aurland og Lærdal vedtok tunge investeringar i november - i Lærdal vedtok kommunestyret ei ombygging ved bu- og omsorgsheimen til ein prislapp på over 70 millionar kroner. I Aurland skal symjebasseng, garderobeanlegg og terapibasseng oppgraderast for 43 millionar kroner etter vedtaket politikarane gjorde i novembermøtet.

Når det gjaldt budsjetta kom rådmannen i Lærdal i november med framlegg om å stenga begge bassenga i kommunen og ei rekkje andre innskrenkingar på tilbod til innbyggjarane for å få budsjettet i balanse. Dette godtok ikkje politikarane og samla seg om ei løysing som gjekk ut på å stryka alle desse grepa, og ta dei to millionane som ein då mangla på organisering og administrasjon. 

I Årdal tok ikkje budsjettdebatten fyr før i kommunestyret i desember, der det enda med eit historisk budsjettvedtak i form av at Ap sitt framlegg vart nedstemt. Her samla Senterpartiet, MDG, Høgre og Venstre seg om eit budsjett der dei la inn elleve punkt med ulike grep. Bakgrunnen for at koalisjonen mellom MDG og Ap her braut saman hevda Ap var ein «takk for sist» etter saka om Hydroparken i november der MDG følte seg svikta av Ap.

Les også: Vedtok ombygging på bu- og omsorgsheimen

Les også: Politikarane gjekk for det dyraste bassengalternativet

Les også: Bassenga blir halde opne i 2017

Les også: Nedstemt: – Ein ny epoke i politikken i Årdal

Populære utestader vart selde eller forsøkt seld

18.november kom beskjeden om at Klingenberg kjøper Tya Bakeri pluss den samlokaliserte pubdelen av gründer Linda Borlaug. Bakgrunnen for salet var at det vart for tungt for Borlaug å driva den populære serveringsstaden åleine.

Mykje det same var grunnen til at Lise Cirotzki Einemo og mannen Rune ser seg om etter potensielle kjøparar av Kvammes kafe og pub, noko dei fortalde til Porten på tampen av november.

Les også: Glad for å få tilliten til å driva Tya vidare

Les også: – Kjem til å vera tusken den dagen me reiser herifrå

Desember

Politiet avslørde større smuglarsak i Årdal og Lærdal

Siste veka før jul innkalla regionlensmann Arne Johannessen og lensmann i Årdal, Magne Knudsen pressa til eit møte om ei større smuglarsak dei hadde jobba med sidan tidleg i år. Johannessen og Knudsen kunne fortelja om det dei omtala som «smuglarsaka» med heile 23 personar involverte. Det dreidde seg om smugling av alkohol og tobakk over ein femårsperiode til verdiar som vill ha gitt fleire millionar kroner i avgifter ved lovleg, ordinær omsetnad.

Artikkelen held fram under biletet

SMUGLARSAK: Ei større smuglarsak blir rulla opp i Årdal og Lærdal kunne regionlensmann Arne Johannessen (t.v.) og Lensmann Magne Knudsen fortelja rett før jul.
SMUGLARSAK: Ei større smuglarsak blir rulla opp i Årdal og Lærdal kunne regionlensmann Arne Johannessen (t.v.) og Lensmann Magne Knudsen fortelja rett før jul.

Varene har kome inn med vogntog, bussar og via sjøvegen til Årdal og Lærdal. Det er snakk om tre seljarar, alle norske, og tjue kjøparar. Alle hadde tilstått. Politiet fortalde også til pressa at dei ikkje var ferdige med saka, og at fleire kunne venta seg telefon frå politiet i nær framtid.

Les også: Har avdekt større smuglarsak i Årdal og Lærdal

Sauedrama i Lærdal

Det vart ei dramatisk førjulstid for bonde Gro Agnethe Nybø på Ljøsne i Lærdal. Første måndagen i desember oppdaga ho at seks sauer stod fast i eit svært ulendt terreng på nærare 500 moh. rett ovanfor garden. Ho fann fram til «Den norske frivillige dyreredningstjenesten» på nett, og dei stilte velviljug opp helga etter. Forsøket på å få ned sauene lukkast likevel ikkje, og dei seks såg ut til å vera fortapt.

Men Sander Buene i Jostedalen alpine redningsgruppe avdeling Sogndal hadde lest om dei skårfaste sauene i media og stilte seg til disposisjon. Saman med Sigurd Felde og Øystein Uglum Henjum tok dei seg opp til sauene veka etter og berga ned tre av dei seks. Ei søye hadde ramla utfor frå før, og to lam ramla ned under aksjonen. Men det enda altså godt for halvparten.

Les også: Der oppe står sauene fast

Les også: Berga ned tre av dei skårfaste sauene

Unik brøytebil vart årets klikkvinnar

Me avsluttar kavalkaden og året med denne svært så folkelege saka. For Porten.no kunne i starten av desember fortela at mannskapet til Olav O. Hæreid har fått ein brøytebil som er einaste i sitt slag i landet. Det er kombinasjonen av 730 hestekrefter og firehjulstrekk som er unik i denne Scaniaen R730 4x4+2.

Les også: Brøytebilen deira er einaste i sitt slag her til lands

At denne saka fenga flest i heile 2016 seier mykje om lokale medier - det er desse nære sakene om kvardagsheltar som gjer at mange les oss. Folk som sjeldan er i media, og som har lite interesse av å vera det også - men når me først får prata med dei kjem dei gode utsegna som perler på ei snor. Me likar å skriva om det, og folk likar å lesa om det. Og sjølv om alt av reformar, kommunebudsjett også vidare er viktig - få ting er vel så viktig som at vegane blir haldne opne så me ikkje blir isolerte her i Indre Sogn.

Med det ønskjer Porten.no eit riktig godt nytt år! 

 

 

Til toppen