ANDRE KVARTAL: Mannen som forsvann i Sogndal, leonbergeren som forsvann i Årdal og reportasjen om Inger Stokk som bygde seg «Tiny-House» i Lærdal er tre av sakene me har drege fram frå andre kvartal av nyhendeåret 2016. Fotokollasje: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun
ANDRE KVARTAL: Mannen som forsvann i Sogndal, leonbergeren som forsvann i Årdal og reportasjen om Inger Stokk som bygde seg «Tiny-House» i Lærdal er tre av sakene me har drege fram frå andre kvartal av nyhendeåret 2016. Fotokollasje: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun

Året som har gått: April til juni

I dei fire siste dagane av året skal Porten.no ta eit tilbakeblikk på 2016. 

Frå fjerde juledag til nyttårsafta tek me føre oss tre saker frå kvar månad av 2016. Me har vald ut saker delvis basert på kva me meiner var det viktigaste som skjedde kvar månad og delvis basert på lesartal. 

Me held fram med april, mai og juni.

April

Eldre og sjuke godt nøgde med å få meierismør og fløyte i maten

Bakgrunnen for saka var at Forbrukarrådet i Noreg sende ut ei melding om at eldre vert umyndiggjort i matvegen.

Porten.no laga så ein reportasjen om korleis det er med maten til dei eldre og sjuke i Årdal. 

– Ein må høyra på kva dei eldre og sjuke vil ha. Kommunen har fokusert på god ernæring for å unngå underernæring i fleire år blant eldre. Ein skal bruka ekta smør, kremfløyte og H-mjøl. Ein ser at pasientane leggjer på seg og at mat ofte kan vera den viktigaste medisinen, sa Hilda Nese, leiar for institusjonane i Årdal. 

Artikkelen held fram under biletet

HEIMELAGA: Kjøkensjef Ole Inge Moen saman med Elin Brekke Hop og Gro Myrmel Moen sørgar for at maten til pasientane er både smakfull og næringsrik.
HEIMELAGA: Kjøkensjef Ole Inge Moen saman med Elin Brekke Hop og Gro Myrmel Moen sørgar for at maten til pasientane er både smakfull og næringsrik.

Årdal kommune hadde då omdisponert personale ved å kutte kveldvakta på kjøkenet på Årdalstangen og sett inn helgevakt på Åbo. 

– Dei som jobbar på kjøkenet er flinke til å laga tilrettelagt mat til pasientane. Om dei treng noko ekstra, er dei raske med å snu seg rundt. Til dømes om nokon ikkje et fisk, får dei kjøt i staden, sa Nese. 

Les også: Pasientane får både smak og ernæring

Tidleg ute med potetene og gulerøtene

Første dagane av april kom potetene og gulerøtene i jorda i Lærdal.

Det vart starten på ein svært god dyrkingssesong - seinare kunne Porten.no både melda om rekordtidleg opptak av potetene, rekordmykje moreller og ein marknad som kjøpte opp alt av moreller i Lærdal så det på tampen av august var heilt tomt.

Les også: Tidleg ute med potetene og gulrøttene

Les også: Tidlegpotetene er tidleg ute

Les også: Har vore knallvår for morellene

Byggjer eit av Europas første «Tiny-House»

Saka om synshemma Inger Stokke som bygde seg eit sokalla «Tiny-House» på Lærdalsøyri var den definitivt best leste saka i april. Huset på 45 kvadratmeter er etter eit amerikansk konsept og Stokke sitt hus var altså av dei første som vart bygd i Europa.

No i jula følgde også Porten.no opp med ein reportasje om korleis første tida i huset hadde vore.

Les også: Bygger eit av Europas første «Tiny-House» i Lærdal

Les også: Første julefeiring i «dokkehuset»

Mai

Christer (37) forsvann sporlaust

Måndag 9.mai kom ein 37-åring vekk frå turfølgjet sitt under ein tur på Haukåsen i Sogndal. Mannen var ein del av ei gruppe på seks personar frå ein institusjon som hadde vore på tur då han kom vekk frå følgjet rundt klokka 17.

– Slik eg har forstått det var dei på veg tilbake til bilen og han gjekk bakarst, og då dei snudde seg, var han vekke, sa politiførstebetent Svein Inge Harberg til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet

AKSJONAR: Store leiteaksjonar vart sett i gang i forsøket på å finna Christer (37), som forsvann frå turfølgjet sitt på Haukåsen i Sogndal 9.mai. Han vart aldri funnen att. Arkivfoto
AKSJONAR: Store leiteaksjonar vart sett i gang i forsøket på å finna Christer (37), som forsvann frå turfølgjet sitt på Haukåsen i Sogndal 9.mai. Han vart aldri funnen att. Arkivfoto

Eit stort apparat vart sett i verk for å finna mannen, og leiteaksjonar kom i stand dei næraste dagane - vidare vart det leita i mange veker. 

Men Christer vart aldri funnen og forsvinningssaka står som ei uløyst gåte. Det vart sett i gang gransking av Melås Helse, som hadde ansvaret for Christer - som ikkje hadde språk og ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv.

Les også: Familien ber om hjelp til å få den sakna Christer heim

Les også: Spesialhundar skal bidra i leiteaksjonen

Les også: Politiet avsluttar etterforskinga av Christer-forsvinninga

Ektepar starta friluftsselskap 

Torunn Todal Laberg og mannen Lars-Kristian Fauske realiserte draumen om å starta opp eige friluftslivselskap der dei tilbyr folk ei naturoppleving litt utanom det vanlege. 

– I Årdal har ein tilgang på absolutt alt eit friluftsmenneske kan drøyme om, men det er ikkje noko særleg miljø for det, sa Laberg til Porten.no.

Saman med Fauske, er ho aktivitetsleiar og guide i det nyoppstarta selskapet «Bulder & Brak» som skal få sogningar opp av sofaen og ut i naturen. 

Les også: Tilgang på absolutt alt eit friluftsmenneske kan drøyme om

Nye rekordar under Vettisløpet og Storehaugen Opp

Mai er den store månaden for diverse løp, og dei to store løpa i Årdal og Lærdal - Vettisløpet og Storehaugen Opp - fekk nye rekordhaldarar. Marius Vedvik frå Førde tok rekorden under Vettisløpet og sprang inn på tida 28 minuttar og 38 sekundar. Stian Angemund-Vik frå Varegg IL sette ny rekord under Storehaugen opp med tida 30 minuttar og 18 sekundar.

Les også: Slo løyperekorden under Vettisløpet

Les også: Ny rekord på Storehaugen opp

Juni

Heimesjukepleiarar bøtelagde på jobb av arbeidsgjevaren

Porten.no fortalde om at heimesjukepleiarane i Sogndal måtte betale kommunen for parkeringsbøter dei fekk på jobb for kommunen. Politikar Arne Glenn Flåten (H) var opprørt:

– Viss kommunen ikkje greier noko så enkelt som å løyse dette, så skal eg personleg betale alle parkeringsbøtene dei tilsette i heimehjelpa får heile neste år, vel og merke bøtene dei får i arbeidstida, sa Flåten.

Artikkelen held fram under biletet

SINTE: Dei er alle heimesjukepleiarar og har alle opplevd å fått bøter i arbeidstida. Frå venstre: Britt Jorunn Øyri Thue, Marianne Yttri Sætre og Margunn Nondal.
SINTE: Dei er alle heimesjukepleiarar og har alle opplevd å fått bøter i arbeidstida. Frå venstre: Britt Jorunn Øyri Thue, Marianne Yttri Sætre og Margunn Nondal.

Birte Husum, tillitsvald for heimesjukepleiarane i Sogndal, stadfesta at bøter i arbeidstida har blitt eit problem. 

– Det er ikkje logisk at vi må betale bot når vi faktisk er på jobb for kommunen. Det er kjempefrustrerande, sa Husum.

Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal kom på bana mot slutten av månaden og sa at bøter for manglande parkeringsgebyr skal dekkjast av arbeidsgjevar.

Les også: Heimesjukepleiarar får bot på jobb – politikar vil betale frå eiga lomme

Les også: Leie av bøter: – Me blir straffa av arbeidsgjevaren vår

Leonbergeren Elvis forsvann

Når eit individ av menneskets beste ven forsvinn engasjerer folk seg. Porten.no fortalde mot slutten av juni om leonbergeren Elvis som forsvann frå hundepensjonatet i Fardalen. Ei rekkje leiteaksjonar kom i gang - både friviljuge og organisasjonar engasjerte seg stort.

Det vart ved fleire høve funne spor som kunne vera frå Elvis, men han kom aldri til rettes.

Les også: Elvis er sårt sakna

Les også: Turgåarar har sett Elvis

Les også: Nye spor av Elvis

Den store marknads- og festivalmånaden

Fjord til fjell, Lærdalsmarknaden, Jordeplerock og Fjøsbluesen i Avdalen gjekk årvisst av stabelen i juni. Jordeplerock sette ny publikumsrekord med god margin, det var folksamt både under Fjord til fjell og Lærdalsmarknaden, og nøgde bluesentusiastar fekk ei fin helg i Avdalen.

Les også: 2400 på Jordeplerock

Les også: Sjå bilete frå Lærdalsmarknaden her

Les også: Folksamt på Fjord til Fjell

Les også: – Dette er noko heilt spesielt

Til toppen