FØRSTE KVARTAL: Debatten rundt det då planlagte asylmottaket på Borgund, første kapittel om krangelen rundt Hydroparken i Årdal og historia om ein syrisk familie som flykta til Lærdal er tre av sakene me har drege fram frå dei første månadane av nyhendeåret 2016. Fotokollasje: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun
FØRSTE KVARTAL: Debatten rundt det då planlagte asylmottaket på Borgund, første kapittel om krangelen rundt Hydroparken i Årdal og historia om ein syrisk familie som flykta til Lærdal er tre av sakene me har drege fram frå dei første månadane av nyhendeåret 2016. Fotokollasje: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun

Året som har gått: Januar til mars

I dei fire siste dagane av året skal Porten.no ta eit tilbakeblikk på 2016. 

Frå fjerde juledag til nyttårsafta tek me føre oss tre saker frå kvar månad av 2016. Me har vald ut saker delvis basert på kva me meiner var det viktigaste som skjedde kvar månad og delvis basert på lesartal. 

Me startar naturleg nok med januar, februar og mars:

Januar

Straumen vekke på Hydro i fire timar

Fredag 29.januar i 17-tida forsvann straumen heilt frå Øvre Årdal medan stormen herja ute. Medan straumen berre var vekke i korte periodar på Årdalstangen, byrja ein snart å telje på minuttane i Øvre Årdal - eit så langvarig straumutfall er kritisk når ein skal produser aluminium. 

Etter kvart som tida gjekk, vart elektrolysecellene stadig kaldare. Først rundt klokka 20, etter tre timar, fekk folk tilbake straumen, men ikkje før ein time etter det igjen kunne ein byrje å køyre opp straumen i elektrolysehallane.

Omtrent 10 prosent av produksjonskapasiteten ved Hydro Årdal blei mellombels nedstengt som følgje av straumutfallet.

Artikkelen held fram under biletet

BEKSVART: Slik såg det ut i Øvre Årdal i tre timar på tampen av januar - samstundes jobba tilsette på Hydro på spreng for å avgrensa skadane. Arkiv
BEKSVART: Slik såg det ut i Øvre Årdal i tre timar på tampen av januar - samstundes jobba tilsette på Hydro på spreng for å avgrensa skadane. Arkiv

Knapt to månader seinare vart det klart kva som var årsaka til straumutfallet:

– Uvêret Tor bles ned ei av kraftlinjene mellom Skagen og Herva kraftstasjon. Dette førte til at det oppstod kortslutning i ein brytar inne i koplingsanlegget vårt i Årdal, og dette forårsaka straumutfallet, sa leiar for Hydro sine aluminiumsverk i Noreg, Ola Sæter, i ei internmelding i selskapet.

Hydro fekk utbetalt 50 millionar kroner i forsikringspengar og det som kunne ha vore ei katastrofe fekk ikkje alvorlege konsekvensar.

– Det har vore fantastisk å sjå korleis me takla utfordringane, eg må berre skryta av alle som var med i denne krevjande situasjonen, sa elektrolysesjef Trond Eirik Jentoftsen til Porten.no i ettertid.

Les også: Heilt svart i Øvre Årdal

Les også: Aldri opplevd liknande straumbrot

Les også: Dette er årsaka til straumbrotet på Hydro

Strid om planlagt asylmottak i Lærdal

I Lærdal var den store saka i januar eit planlagt asylmottak på Borgund. Eit firma ved namn Høgeloft AS var stifta på tampen av 2015 og kjøpte ein brakkerigg som skulle brukast som asylmottak for inntil 58 einslege mindreårige på Steinklepp, sentrumet av Borgund. Både ordførar Jan Geir Solheim og varaordførar Trond Øyen Einemo var medeigarar i aksjeselskapet

Sjølv om mottaksplanane altså kom for ein dag i november 2015, var det i januar at saka for alvor tok fyr. Naboane protesterte og dei politiske toppane vart skulda for både dobbeltrolle og skjult agenda.

Enden på visa vart at Høgeloft AS selde brakkeriggen i august ettersom det på vårparten kom beskjed om ein så stor nedgang i asylantar at det ikkje var behov for eit slikt mottak i Lærdal.

Les også: Ap: – Føler ordføraren har ein skjult agenda

Les også: Naboane viste sin misnøye

Les også: Avlyser konkurransen – ikkje nytt mottak i Lærdal

Semje om organiseringa av årdalsfotballen

Etter mykje og langvarig strid om korleis årdalsfotballen skulle organiserast kom partane til semje første onsdagen i januar. Hovudtrekka var at all senior herrefotball gjekk inn i Årdal FK, medan Jotun og ÅTIL heldt fram med å gje kvar sine tilbod på aldersfastlagd nivå. 

Les også: No er dei samde om organiseringa av årdalsfotballen

Februar

Ingen ville vera med Årdal og/eller Lærdal

Så var det store reformåret 2016 i gang, og det fekk ein heller skeiv start i Indre Sogn.

Først stranda planane om storkommune i Sogn beståande av Årdal, Lærdal, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. I eit møte dei seks kommunane mellom 1.februar reiste ordførarane i Årdal og Lærdal heim etter å ha vorte «skvisa ut».

– Sogndal har valt å forhandla med dei andre (Vik, Leikanger og Balestrand journ.anm.), medan Årdal og Lærdal er ute, så me kom ikkje i hamn med ein intensjonsavtale for dei seks kommunane, fortalde Arild Ingar Lægreid (Ap), ordførar i Årdal.

Ettersom ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll (Ap) var på ferie, var det vara-ordførar Laura Kvamme (Sp) som overbrakte nyheita til representantane frå dei andre kommunane.

– Det er ingen tvil om at det er Sogndal som har brote dette. Det er ganske bemerkelsesverdig at eit regionsenter går ut og bryt forhandlinga på den måten, sa Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal. 

Eit par veker seinare var det nye sonderingar, denne gongen mellom Årdal, Lærdal og Aurland.

– Me hadde eit greitt og kjapt møte. Eg ønskte tidleg å avklare om det var vilje til å jobbe med ein intensjonsavtale som me kan leggja fram for innbyggjarane. Årdal og Lærdal var klare for å sjå på det, men Aurland sa dei ikkje ønskte det, fortalde Solheim til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet

ÅLEINE: Ingen andre kommunar i Sogn ville slå seg saman med Årdal og/eller Lærdal, så ordførarane Arild Ingar Lægreid og Jan Geir Solheim vart ståande åleine etter sonderingane i februar. Arkivfoto
ÅLEINE: Ingen andre kommunar i Sogn ville slå seg saman med Årdal og/eller Lærdal, så ordførarane Arild Ingar Lægreid og Jan Geir Solheim vart ståande åleine etter sonderingane i februar. Arkivfoto

Kommunereforma har teke mange vendingar lokalt året gjennom, men for Årdal, Lærdal og Aurland sitt vedkomande er det lite og ingenting nytt etter at desse sonderingane fall saman i februar. Sogndal på si side vart føreslege samanslegne med Leikanger og Balestrand av Fylkesmannen i september.

Les også: Brot i forhandlingane om ein ny storkommune

Les også: Lærdal og Årdal blir ståande åleine

Les også: Her er forslaget til ny storkommune i Sogn

Årdal kommune offentleggjorde sensitive opplysningar

I slutten av februar avslørte Sogn Avis at Årdal kommune hadde offentleggjort 145 sider med personlege og sensitive detaljar om personar med psykisk utviklingshemming.

Advokat Arvid Mellingen i advokatfirmaet Tollefsen uttalte til Porten.no at dette var ei av dei mest alvorlege sakene han har sett:

– Eg har vore borti liknande saker før, men aldri har eg sett ei sak med så stort omfang der fleire personar er involvert. Graden av sensitiv informasjon i denne saka er også heilt spesiell, seier Arvid Mellingen til Porten.no

Rådmann i Årdal kommune, Olve Fossedal, opplyste til Porten.no i ettertid at det ikkje lenger vert lagt ut lenkjer til fulltekstdokument i kommunen sine postlister. 

– Uansett kor gode rutinar ein har, så er det alltid ein fare for at dette kan skje. Utan noko dokument tilgjengeleg, kan det derfor no aldri skje igjen, sa Fossedal.

Pårørande som vart råka fekk 5000 kroner i oppreising kvar og Datatilsynet gav Årdal kommune ei bot på 150 000 kroner for den alvorlege tabben.

Les også: Alvorleg: Publiserte private opplysningar i postjournal

Les også: Advokat: - Mest alvorlege saka eg har sett

Les også: Pårørande får 5.000 kroner i erstatning

Starta filminga av «Frikjent» i Årdal og Lærdal

Det er ikkje på langt nær alltid at sakene som har dei største samfunnsmessige konsekvensane blir det best leste. I februar var to av dei tre best leste sakene Porten.no hadde om filminga av TV2-serien «Frikjent».

Serien gjekk på TV seinhaustes og meir eller mindre alle utandørsscenene vart filma i først og fremst Årdal, men også Lærdal tidlegare på året. 

Les også: Lærdal sjukehus vart til Lifjord universitetsykehus

Les også: Startar filminga av sesong to av «Frikjent»

Mars

Murringa rundt Hydroparken starta

Som kjent vedtok kommunestyret i Årdal først i november at Hydroparken kan nyttast til næringsaktivitet, men det var i mars biletet av kva som kunne koma til å skje byrja å teikna seg.

For tysdag 8.mars vedtok formannskapet å leggja detaljreguleringsplanen for den mykje diskuterte Hydroparken ut på høyring.  Det fekk Miljøpartiet Dei Grøne med varaordførar Sandra Opheim i spissen til å reagera:

– Eg fekk vita i går kveld at Ap kom til å stemme for at saka vart lagt ut på høyring. MDG vart mildt sagt overraska over det då me i forhandlingane avtalte med Ap at det ikkje skal byggjast næringsbygg i Hydroparken, sa ho til Porten.no etter møtet.

Artikkelen held fram under biletet

SVIKTA: Sandra Opheim (MDG) kjende seg svikta av Arbeidarpartiet etter at dei sa ja til å leggja reguleringsplanen for Hydroparken ut på høyring i mars. Sjølv om den skriftlege avtalen mellom partia ikkje seier noko om Hydroparken, meiner Opheim denne vart tydeleg drøfta då partia vart samde om eit samarbeid. Arkiv
SVIKTA: Sandra Opheim (MDG) kjende seg svikta av Arbeidarpartiet etter at dei sa ja til å leggja reguleringsplanen for Hydroparken ut på høyring i mars. Sjølv om den skriftlege avtalen mellom partia ikkje seier noko om Hydroparken, meiner Opheim denne vart tydeleg drøfta då partia vart samde om eit samarbeid. Arkiv

Dette var i følgje Opheim noko dei to partia hadde avtalt munnleg, og med det som utgangspunkt var debatten i gang. Den vara for så vidt året gjennom til kommunestyret - åtte månader etter detaljereguleringsplanen vart lagt ut på høyring - vedtok at Handelsbygg får etablera seg i Hydroparken.

Les også: Kjenner seg svikta av Ap

Les også: – Me meiner det er plass til aking og handel

Les også: Her seier dei ja til næring i Hydroparken

Flykta frå krig, terror og eit valdeleg regime

I det internasjonale nyhendebilete har 2016 vore prega av terror, og stort sett handlar det om terrororganisasjonen IS. Syrarar har vore på desperat flukt i lang tid, og flyktningkrisa nådde eit klimaks hausten 2015. 

Nokre av flyktningane kom til Indre Sogn. Mohamed Shaham Dandashi og Lobona Kadam og dottera var tre av dei. I mars tok ein av Porten.no sine journalistar ein prat med familien om korleis livet var i Lærdal.

Les også: Flykta frå krig, terrror og eit valdeleg regime

Gjekk seg bort i påska

Den gule høgtida var tidleg i år. Påskesola gjorde aldri noko langvarig nummer av seg, og påska 2016 går såleis ikkje inn i historia som noko draumepåske.

Heldigvis førte ikkje det dårlege påskevêret til nokre alvorlege hendingar, men fire personar i 20-åra vart meldt sakna på ein planlagt skitur frå Sulebu til Bjordalsbu, og ingen hadde kontakt med dei fire på to døgn frå langfredag til 1.påskedag. Då vart ein skuterpatrulje sendt ut og fann att dei fire mellom Bjordalsbu og Iungdalshytta.

Les også: Dei fire personane er komne til rette

 

Til toppen