TREDJE KVARTAL: Ny rekord for Målrock, Andrea-saka og at den nye eigaren til Melås Helse er registrert i skatteparadiset Guernsey er tre av sakene me har vald ut frå tredje kvartal i kavalkaden vår. Fotokollasje: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun
TREDJE KVARTAL: Ny rekord for Målrock, Andrea-saka og at den nye eigaren til Melås Helse er registrert i skatteparadiset Guernsey er tre av sakene me har vald ut frå tredje kvartal i kavalkaden vår. Fotokollasje: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun

Året som har gått: Juli til september 

I dei fire siste dagane av året skal Porten.no ta eit tilbakeblikk på 2016. 

Frå fjerde juledag til nyttårsafta tek me føre oss tre saker frå kvar månad av 2016. Me har vald ut saker delvis basert på kva me meiner var det viktigaste som skjedde kvar månad og delvis basert på lesartal. 

Me held fram med juli, august og september

Juli:

Aukande bekymring etter CWD-utbrotet

Den svært sjeldne og spesielle sjukdommen Chronical Wasting Disease (CWD) vart for første gong funne i Europa i april, på ei reinssimle i Nordfjella. Det var også første gong overhovud sjukdommen vart funne på rein.

I mai vart sjukdommen også påvist på to elgar i Sør-Trøndelag.

Utover sommaren ettersom ein byrja å få meir innsikt i kva ein eigentleg hadde med å gjera auka bekymringa; nervesjukdommen tek alltid livet av vertsdyret, er svært smittsamt og kan i verste fall utrydda store deler av stammane som får sjuke individ.

Artikkelen held fram under biletet

BEKYMRING: CWD-utbrotet på ei reinssimle i april skapte aukande bekymring utover sommaren ettersom ein fekk meir kunnskap om kva denne sjukdommen kan gjera med hjorteviltstammer. Illustrasjonsfoto
BEKYMRING: CWD-utbrotet på ei reinssimle i april skapte aukande bekymring utover sommaren ettersom ein fekk meir kunnskap om kva denne sjukdommen kan gjera med hjorteviltstammer. Illustrasjonsfoto

Porten.no dekkja sjukdomsutbrotet breitt og kunne mellom anna fortelja i juli at det vart innført forbod mot å leggja ut fôr og saltstein til hjortedyr den komande jaktsesongen. Me gjekk også grundig til verks og intervjua amerikanske forskarar om kor alvorleg dette eigentleg var. Bakgrunnen var at sjukdommen før utbrotet i Nordfjella berre var påvist på det amerikanske kontinentet. Og dei amerikanske forskarane var bekymra.

Eit stort apparat vart sett i verk inn mot jakta; alle hovud av rein skotne i Nordfjella skulle berast ned att og testast for sjukdommen. Og i løpet av jakta vart det også påvist to nye tilfeller av CWD i Nordfjella, først ein reinsbukk i Lærdal så ei simle i Hallingdal.

Også under deler av hjorte- og elgjakta skulle det samlast inn hovud for analyse. Men sjukdommen vart ikkje påvist på verken hjortar eller elgar under jakta, og heller ikkje i fleire villreinsområder.

Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Les også: Innfører forbod mot saltstein og fôring

Les også: Enno eit tilfelle av CWD i Nordfjella

«Vision of the fjords» endeleg på plass i Flåm

Den 40 meter lange karbonfiberbåten «Vision of the fjords» hadde allereie vore mykje omtala og 16.juli var den omsider på plass i Flåm etter fleire forseinkingar

Båten med ein kapasitet på opptil 400 passasjerar er ein ladbar hybrid som vekslar mellom å gå på straum og diesel. Det skal gje mindre støy og ureining når turistar blir frakta gjennom norsk natur på Nærøyfjorden.

Båten starta å gå i fast rute mellom Flåm og Gudvangen i juli.

– Dette er ein merkedag for oss. Samstundes håper me det vil bli ein «gamechanger» i bransjen. Me ønskjer at fleire kjem etter og gjer det same som oss, slik at me kan ta betre vare på den fantastiske naturen me er sett til å forvalte, sa Rolf Sandvik i The Fjords, selskapet som eig båten.

Den vart også kåra til Årets skip i september.

Les også: Vision of the Fjords endeleg på plass i Flåm

Les også: Favoritt til «Ship of the year»-pris

Les også: Her blir Vision of the Fjords døypt av fylkesordføraren

Enorm dugnad for MR-maskin

Ei sak som prega sommaren på Porten.no i sommar var innsamlinga til MR-maskin ved Lærdal sjukehus. Målet var å få inn ti millionar kroner, og givarviljen synte seg enorm; alt frå kommunar til lag og organisasjonar til privatpersonar og næringsliv bidrog med beløp frå ein tusenlapp eller to til fleire hundre tusen.

2.august var også målet om ti millionar kroner nådd og dermed blir det MR-maskin på Lærdal sjukehus.

Les også: Basarpengane går til MR-maskina

Les også: Inviterer til konsert for MR-maskina

Les også: Har nådd målet om MR-maskin

August

Andrea-saka

Etter at lagmannsretten frikjente tre menn tiltalt for å ha dopa ned og valdteke Andrea Voldum frå Lærdal, stod ho fram med si historie. Dommen var klar i juni, og det var Hallingdølen som omtalte saka første veka i august.

Dette var den store saka i nyhendebiletet dagane etter nyhenda kom ut.  

Porten.no snakka med Voldum heime på verandaen i Lærdal saman med far Geir Voldum i Lærdal.

Artikkelen held fram under biletet

SKAPTE DEBATT: Andrea Voll Voldum saman med faren Geir Voldum då Porten.no møtte dei i august. Arkiv
SKAPTE DEBATT: Andrea Voll Voldum saman med faren Geir Voldum då Porten.no møtte dei i august. Arkiv

– Eg stiller spørsmål til jury og meddomsrett i så alvorlege saker. Eg meiner det er feil å plukke folk frå gata som ikkje har kompetanse innanfor til dømes valdtekt, sa ho og la til: 

– Dersom eg hadde klart å endre rettssystemet, herregud, kva skal eg seie? Då har ein iallfall gjort noko rett. Det er mange som sender støttemeldingar. Det er eg takknemleg for.

Nokre dagar seinare var det også store demonstrasjonar i dei største byane i Noreg, også i Lærdal, der folk protesterte mot manglande rettstryggleik for kvinner.

Seinare har Andrea Voll Voldum fått både Jenteprisen, Astrid Gunnestads minnepris og vart kåra til Årets sogning i Sogn Avis.

Les også: Ho har skapt enorm debatt med valdtektshistoria si

Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea (21) i Oslo

Les også: Ny pris til Andrea

Stor stemning under Målrock

Det var mange store artistar under årets Målrock, og det største trekkplasteret av alle var nok tenåringsidola Marcus og Martinus som trekte 3500 publikummarar då dei opna årets festival på Årdalstangen.

Andre store namn var DumDum Boys, Klovner i kamp, Dizzy Mizz Lizzy, Skambankt, Sondre Justad, Lars Vaular, Ingebjørg Bratland og Eva Weel Skram.

Det blei også publikumsrekord med 8500 publikummarar under årets Målrock.

Les også: Marcus og Martinus lagde elektrisk stemning

Les også: Dizzy Mizz Lizzy rocka Meiriparken

Les også: Desse to hjarteknusarane gav publikumsrekord på Målrock

Krise i årdalshandballen

Det som for nokre år sidan var flaggskipet for kvinnehandballen i fylket har hatt mange nedturar dei siste åra, og i august nådde årdalshandballen eit absolutt botnpunkt då det såg ut til at dei ikkje klarde å stilla lag til 4.divisjon. Leiinga i idrettslaget gjekk ut i Porten.no og etterlyste spelarar.

Og eit par veker ført seriestart kom meldinga om at det vart lag likevel. Frå då av har det berre gått oppover - alle kampane utover hausten har enda med siger for Olafur Sveinsson sitt mannskap.

Les også: På spelarjakt to veker før sesongstart

Les også: Det blir handball i Årdal denne sesongen

Les også: Ustoppelege Jotun tok sjuande strake

September

Årdal mottakssenter nedlagt

UDI la i slutten av september ned 700 asylmottaksplassar i region Vest - 123 av desse mottaksplassane  gjaldt Årdal. Det betyr at Årdal mottakssenter, som er drifta av Hero, vart lagt ned og sju tilsette mista arbeidsplassen sin. 

– Årsaka er færre asylantar og ankomstar. Den andre årsaka er at norske kommunar har vore utruleg flinke til å busetja dei som har fått vedtak, sa regiondirektør i UDI Stig Arne Thune til Porten.no. 

Artikkelen held fram under biletet

VART LAGT NED: Som ein konsekvens av at UDI la ned 700 mottaksplassar i region vest i september, forsvann asylmottaket i Årdal. Arkiv
VART LAGT NED: Som ein konsekvens av at UDI la ned 700 mottaksplassar i region vest i september, forsvann asylmottaket i Årdal. Arkiv

Porten.no var første medium som omtalte saka, og i ettertid kom det mange utspel om at motakkssenteret vil bli sakna i Årdal.

– Det er trist fordi dette har vore eit godt drive mottak. Me har hatt eit veldig godt samarbeid med alle instansar ein er avhengig av for at dette skal fungere optimalt, sa Henrik Rønningen før, som hadde jobben som mottaksleiar dei tre siste månadane før nedlegginga var fullført til julafta.

Les også: Årdal mottakssenter vert lagt ned

Les også: Mottaksleiaren: – Det er berre trist

Les også: Innan jul skal bebuarane ved mottaket ha fått ein ny heim

Planar om pelletsfabrikk i Lærdal i Hydrogenfabrikk i Årdal

Porten.no var også først ute og fortalde om den planlagde pelletsfabrikken på Håbakken i Lærdal. Det er Simas i samarbeid med Lærdal kommune som har planlagt fabrikken sidan i 2015, men grunna forretningsløyndommar har dei halde korta tett til brystet - før Porten.no 16.september kom med nyhenda om planane som skal gje 30 arbeidsplassar.

Reaksjonane i ettertid har vore sterke - særskild frå naboar og på tampen av året har kommunestyret i Lærdal ikkje vedteke at fabrikken skal byggjast.

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: Folkemøte om Håbakken - Mange var litt skuffa

Les også: I tidsnaud med Håbakken

I månadsskiftet august/september kom det også for ein dag at Østfold Energi ser på moglegheitene for å laga hydrogenfabrikk i Dooria-bygget. Desse planane er på eit langt tidlegare stadium enn pelletsfabrikken i Lærdal, men det kan bli aktuelt å få på plass ein pilot om eitt års tid eller så.

Les også: Dooria-bygget kan huse hydrogenfabrikk

Les også: – For tidleg å snakke om arbeidsplassar

Vegvesenet anbefalte Hemsedalsfjellet - igjen

1.september anbefalte Vegvesenet for andre gong at rv. 52 Hemsedalsfjellet bør veljast som hovudveg aust-vest framfor rv. 7 Hardangervidda. Dette er det nordlege hovudvegsambandet, i tillegg til E134 Haukelifjellet, som vart vald i fjor.

Denne saka har vore ei heit potet i haust og generert svært mange lesarinnlegg. Engasjementet er stort i Sogn fordi at Hemsedalsfjellet blir vald har mykje å seia for trafikken gjennom regionen, som igjen har mykje å seia for næringslivet.

Stortinget skal ta endeleg stilling i saka i løpet av det komande året.

Les også: Vegvesenet anbefalar Hemsedalsfjellet

Les også: Dette betyr vegvalet for deg

Les også: Vegvalet: – Blir rimeleg useriøst å dra inn noko heilt nytt

Avslørde at Melås-eigar var registrert i skatteparadis

Me gjer eit unntak i september og nemner fire saker i kavalkaden vår - for denne månaden hadde me mange store saker. 

15.september kom me med nyhenda om at den nye eigaren til Melås Helse, Longship, har adresse i skatteparadiset Guernsey. Longship er eit oppkjøpsfond som kjøper og skapar vekst i små og mellomstore norske selskap, for så å selje med forteneste, normalt etter tre til sju år. Sjølv om det ikkje er ulovleg, vart dei problematiske sidene ved denne praksisen aktualisert i kjølvatnet av Panama Papers-skandalen i april i år.

– Om pengane er registrerte på Caymanøyane eller i DNB er ikkje så viktig for meg, berre vi brukar dei til å få til utvikling og trygge arbeidsplassar i Norge, svarde gründer Per Steinar Melås til Porten.no.

Les også: Den nye Melås-eigaren er registrert i skatteparadis

Les også: Per Steinar Melås: – Eg ser nesten berre fordelar med det

Til toppen