LUFTIG: Balansekunstnaren Eskil Rønningsbakken sette Utladalen på kartet då han i mai balanserte 275 meter over bakken ved Vettisfossen – utan sikring.
LUFTIG: Balansekunstnaren Eskil Rønningsbakken sette Utladalen på kartet då han i mai balanserte 275 meter over bakken ved Vettisfossen – utan sikring.

Året som var: April til juni

Porten.no held fram med tilbakeblikket på 2015.

2015 var eit innhaldsrikt år for oss journalistar med meir enn nok å skrive om frå lokalmiljøet. 

Her har Porten.no prøvd å samle det me hugsar best frå året som var, og i andre artikkelen tek me føre oss våren og delar av sommaren.

April

I april var påskeferien allereie i gong, og i Årdal skulle ei heilt ny rockescene opne ved sidan av Samhold, nemleg Bakeriet. 1. april opna dei dørene til Påskerock eit strålande flott lokale alle rosar, bydde seg fram. Påskerocken var forresten også svært bra.

April var også månaden då skuledebatten tok seg opp i Lærdal. Då fekk formannskapet framlagt eit dokument som vurderte talet på skular i kommunen. 

Denne månaden besøkte også miljø- og klimaminister Tine Sundtoft regionen. Ho stoppa mellom anna innom i Vikadalen. I 2014 tapte sauebøndene her enormt med sauer til jerven og dette vart drøfta for ministeren. Nettopp på grunn av året før fekk jerven mykje merksemd dette året.

MINISTERBESØK: I april besøkte klima- og miljøminister Tine Sundtoft Vikadalen.
MINISTERBESØK: I april besøkte klima- og miljøminister Tine Sundtoft Vikadalen.

I midten av april kunne Porten.no melde at Helge Øvstetun var ny lensmann i Lærdal. 

Rundt denne tida blei også Edin Øy teken ut på U18-landslaget. Her fekk han spele mot Russland og Tsjekkia, og ungguten fekk også ros frå landslagstrenaren for opptreden han gjorde.

Denne månaden besøkte også Knut Henning Grepstad Årdal. Her var han for å snakke om kommunereforma for politikarane. Sjølv om ingen av kommunane var særleg villige til å ta stilling til reforma på dette tidspunktet, skulle dette bli viktigare og viktigare utover året.

På kultursida var det jubileum for Lærdal Musikklag som feira 90 år. Dette skulle markerast gjennom heile 2015. Same månad annonserte også Ketil Thorbjørnsen at han skulle gi ut plate.

90 ÅR: I 2015 fylte Lærdal Musikklag 90 år, noko som blei markert gjennom heile året.
90 ÅR: I 2015 fylte Lærdal Musikklag 90 år, noko som blei markert gjennom heile året.

I aluminiunindustrien gjekk det så det susa. Kvartalsrapporten viste overskot og verkssjef Egil Fredriksen kunne fortelja at det aldri hadde gått betre med verket i Årdal. 

Mai

Tidleg i mai byrja det å brenne i ein bustad i Årdal. Seks personar måtte evakuere og bygninga fekk store skadar. På den andre sida fekk Porten.no nasjonal merksemd i radioprogrammet Misjonen med Atle Antonsen og Johan Golden for denne saka.

Serien «Frikjent» som er omtalt i den saka, gjekk på lufta nokre veker før og sette nye sjåarrekord. No er det planar om ein sesong 2.

Denne månaden sette også Porten.no mobbing på dagsorden då Iris Farlora stod fram og fortalte korleis hennar opplevingar var. Dette var ei av dei mest leste sakene i dette kvartalet.

8. mai var frigjeringsdagen, og i 2015 var det 70 år sidan 2. verdskrig. Dette vart naturlegvis markert i Årdal, og for Arne Eldegard vart dagen ekstra spesiell då han vart heidra med minnemedalje.

Artikkelen held fram under biletet.

HEIDRA: 70 år etter frigjeringsdagen i 1945 vart Arne Eldegard heidra med minnemedalje.
HEIDRA: 70 år etter frigjeringsdagen i 1945 vart Arne Eldegard heidra med minnemedalje.

I mai stilte også Ole Vidar Øren (H) spørsmålet om kva som skjer med sentrum på Årdalstangen. Dette sparka i gang ein god debatt om sentrumutvikling og resulterte i bevisstgjering på dette. Mellom anna heng dette i saman med underskriftskampanjen som vart starta for å opne friluftsbassenget. Etter mykje hjelp frå næringslivet kom dette til slutt i orden, til store glede for borna.

Ein som trivst betre i andre element er Eskil Rønningsbakken. Under Nasjonalparkfestivalen sette han Utladalen på kartet då han balanserte 275 meter over bakken ved sidan Vettisfossen. 

Artikkelen held fram under videoen.

I Utladalen var det også kome på plass oksekalvar. Dette var første gongen på 30 år ein kunne sjå slike i Vettisgjeli. Det var også meir gledelege nyheiter for reiselivet då Klingenberg satsa på drift på garden heile sommaren.

Eit heilt bygdesamfunn vart rysta då ein asylsøkar forsvann 21. mai. Bygda stilte opp og bidrog i leiteaksjonen, men framleis er ikkje mannen funnen.

I slutten av mai kunne endeleg Årdal juble for tre poeng. Etter ein tung vårsesong med mykje nesten kom endeleg sigeren. Laget tok ferie i juni under nedrykksstreken, og då var det få som hadde trudd kva dei skulle få til i løpet av hausten.

I løpet av våren hadde det vore ein brei debatt om kva Lærdal kulturhus skulle nyttast til. Politikarane vart ikkje samde, men til slutt fann dei ein drivar og det opna eit viktig tilbod i Lærdal.

Juni

Juni var månaden for revidert budsjett i handsaminga av saker for dei folkevalde. Gjennom våren hadde Årdal kommune vore gjennom eit nedbemanningsprosjekt, men i juni kunne rådmannen meddele at dei slapp unna oppseiingar. 

I kommunestyret tok også Hilmar Høl (Ap) eit oppgjer med dei som trur politikarane bestemmer kor butikkar skal ligge.

For sykkeltalentet Eirik Kinserdal var det ein god månad. Årdølen enda på ein 24. plass i NM, noko det står stor respekt av. 

Artikkelen held fram under biletet.

TALENT: Sykkeltalentet Eirik Kinserdal trenar 15 gangar i veka, og i juni vart han belønna med ein 24. plass i NM.
TALENT: Sykkeltalentet Eirik Kinserdal trenar 15 gangar i veka, og i juni vart han belønna med ein 24. plass i NM.

Ei sak som fekk mykje merksemd i lærdalspolitikken var masseuttaket av stein ved Torvmo. Kommunestyret sa samrøystes nei til dette, noko som kunne setja utbygginga av E16 på Filefjell i fare, men det løyste seg til slutt. 

Jordeplerock gjorde det strålande i billettsalet. Det forholdsvis ferske festivalen i Lærdal selde rekordmange billettar til årets musikalske fest. 

Mot slutten av månaden kunne årdølene endeleg juble for å ha fått eige bakeri og bryggeri i bygda. Gjengen bak Tya bryggeri og bakeri opna endeleg dørene, og salet har sidan gått unna. 

Til toppen