BOMBE: I mars blei det gjort funn av ein bombeliknande gjenstand i Lærdal – ei sak som fekk enormt med merksemd. Foto: Privat.
BOMBE: I mars blei det gjort funn av ein bombeliknande gjenstand i Lærdal – ei sak som fekk enormt med merksemd. Foto: Privat.

Året som var: Januar til mars

I dei fire siste dagane av året skal Porten.no ta eit tilbakeblikk på 2015. 

2015 var eit innhaldsrikt år for oss journalistar med meir enn nok å skrive om frå lokalmiljøet. 

Her har Porten.no prøvd å samle det me hugsar best frå året som var, og i første artikkel startar me med dei tre første månadene av året. 

Januar

Allereie fem dagar ut i det nye året kom ei nyheit som skulle få sine konsekvensar. Før jul hadde Porten.no skrive om Tommy Aarethun som var innstilt som Lærdal Arbeidarparti sin ordførarkandidat, men 5. januar trakk han seg frå vervet. Kåre Mentz Lysne tok dermed over. Trass nokre slitsame år takka Jan Geir Solheim (Sp) ja til attval seinare den månaden.

Fem dagar seinare small det også i idrettens verd. Då bestemte nemleg tre av dei kanskje viktigaste spelarane til IL Jotun å slutte i protest mot trenar Olafur Sveinsson, skreiv Sogn Avis. Laget vann ikkje ein einaste kamp frå november til sesongslutt og rykte til slutt ned. Denne helga skulle dei raude og grøne møte Kjøkkelvik, ei sak som også fekk sine følgjer.

I desse dagane besøkte også Porten.no skøytebana i Lærdal. Snakkisen var sjølvsagt det manglande klubbhuset som brann ned. Her skulle mykje på plass før bygginga av eit nytt kunne starte.

Artikkelen held fram under biletet.

SKØYTEMORO: Skøytemiljøet er godt i Lærdal, men då klubbhuset brann ned, var det viktig å få på plass eit nytt. Arkiv
SKØYTEMORO: Skøytemiljøet er godt i Lærdal, men då klubbhuset brann ned, var det viktig å få på plass eit nytt. Arkiv

2015 markerte også friluftslivets år, og midt i januar var Porten.no med då Jan Geir Solheim overnatta i vinterkulda. 

18. januar var ein spesiell dag. Denne datoen markerte nemleg at det var eitt år sidan brannen i Lærdal. Framleis kan ein sjå spor etter den somme stader i kommunen. I serien «Bygd reis deg» møtte me også lærdøler som var råka av brannen og korleis livet etter flammane var.

Nokre dagar seinare offentleggjorde Statens vegvesen kva trasear dei meinte burde vera hovudvegane mellom aust og vest. Til stor glede for Lærdal og Sogn som region var riksveg 52 Hemsedalsfjellet ein av desse, men ei avgjerdsle skulle ikkje kome før nesten eit år seinare.

I slutten av månaden blei det også klart at artistane som ikkje fekk kome på scena då Målrock bles bort i 2014 skulle returnere til årets festival. Blant desse var Fish og Karpe Diem. 

Februar

Februar månad starta med eit brak for Helene Johansen Vikøren. Det store skyttartalentet frå Årdal sette ny pers i ei internasjonal turnering i München med 417 poeng. I mars vart Vikøren norgesmeister.

Artikkelen held fram under biletet.

MEISTER: Helene Johansen Vikøren starta 2015 med eit brak. I februar sette ho ny pers. I mars vart på norgesmeister.
MEISTER: Helene Johansen Vikøren starta 2015 med eit brak. I februar sette ho ny pers. I mars vart på norgesmeister.

Like før månadskiftet hadde Henrik Furebotn funne seg ny klubb etter nokre sesongar med Sandnes/Ulf. No skulle årdølen til Bodø/Glimt. Toppfotball skulle det også bli på Edin Øy, som nokre veker seinare vart stadfesta klar for Sogndal.

Februar også ein månad som for mange betyr at sola endeleg klarar å klatre over fjella. Dette vart markert i Haugane barnehage. 

Denne månaden skulle Indre Sogn også få storslått besøk frå regjeringa. Først kom næringsminister Monica Mæland innom for å høyre om stoda i næringsutviklinga i Årdal og Lærdal. Nokre dagar seinare var samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen på farten for å teste vegane mellom aust og vest.

Nokre dagar i førvegen kunne elevar ved vidaregåande skulen i Årdal også vise fram sitt nyaste produkt: Safe Sound. Eit produkt som vart godt motteke og seinare sendte elevane til ein 2. plass i NM. 

Artikkelen held fram under biletet.

SAFE-SOUND: Armbandet skal brukast av helsepersonell og blinkar og lagar lyd for å signalisere at dei må fram i store folkemengder.
SAFE-SOUND: Armbandet skal brukast av helsepersonell og blinkar og lagar lyd for å signalisere at dei må fram i store folkemengder.

Mot slutten av månaden kom også nyheita om at Coop ville kjøpe ICA Norge. Dette førte til at Årdal fekk ein ny butikk. Rimi vart lagt ned og inn kom Bunnpris.

Også i det politiske landskapet var det endringar. Porten.no var først ute med å fortelja at Venstre ønskte å starte opp att i Årdal, dei skulle både klare å stille liste, samt få ein representant inn i kommunestyret.

Månaden avslutta på ein positiv note for Lærdal kommune, som endeleg kunne melde seg ut av Robek-registeret.

Mars

Også mars starta med eit smell – eller iallfall på ein måte. For sjølv om det aldri smalt då ein bombelignande gjenstand vart funnen i Lærdal, var det full uttrykning med bombegruppe og det heile. Gutestreken resulterte i ein bot.

Artikkelen held fram under biletet.

AVSTENGT: Politiet sperra av området og evakuerte naboar då det blei gjort funn av ein bombeliknande gjenstand i Lærdal.
AVSTENGT: Politiet sperra av området og evakuerte naboar då det blei gjort funn av ein bombeliknande gjenstand i Lærdal.

Tolv dagar ut i månaden vart endeleg ein dato for Kjøkkelvik-kampen sett. Det var mykje styr rundt dette då dårleg vêr gjorde at laget frå bergensområdet ikkje møtte til kamp i januar. Etter å ha anka saka gjennom tre instansar, etter å ha fått nei i dei to første, fekk dei endeleg vilja si. Jotun tapte returkampen, og då var det gjort. Dei raude og grøne rykte ned frå 2. divisjon. 

Ikkje ein gong redningshundane kunne redde dei frå dette, men det er ingen tvil om at hundane reddar mange liv. Porten.no var med på øving, der ein fekk verkeleg sjå kor viktig desse er i leiteaksjonar og liknande.

I korpsverda stod Farnes skulemusikk for ein bragd då dei sikra seg sølv i fylkesmeisterskapen.

Sølv skulle det også bli Hege Bakken Wahlquist og Glassverket den handballsesongen. Berre suverene Larvik gjorde det betre i Eliteserien i handball.

Ei av dei mest omtalte sakene denne månaden var preikestolen i Tønjum kyrkje som plutseleg var vekke. Det viste seg at stolen stod på eit lager på Lærdalsøyri. Kyrkjegjengaren kjempa, men forgjeves. Stolen vart aldri sett inn igjen.

Om det var lite futt i bomba i Lærdal, var det ingenting å seia på smellen frå næringssjef Terje Laberg si utblåsing på eit møte i næringssamskipnaden i slutten av månaden. Framføre mange i næringslivet gjekk Laberg knallhardt ut mot mangelen på samhandling.

Den mangelen på samhandling, riktignok i fotballen, viste seg mot slutten av mars. Då beslutta Årdal FK at dei skulle starte eit 2. lag, noko som ville bety tre seniorlag i kommunen. Dei ville også ha all gutefotball inn i klubben og fekk støtte frå fotballgruppa i ÅTIL. Nokre veker seinare kom beskjeden frå krinsen om at dette fekk ikkje lov til. Det resulterte i at nokre av gutane melde overgang til ÅTIL, medan samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/ÅFK 2 heldt fram. 

Artikkelen held fram under biletet.

SKREIV HISTORIE: Sandra Opheim og Miljøpartiet dei grøne kom med listeframlegg for første gong i Årdal.
SKREIV HISTORIE: Sandra Opheim og Miljøpartiet dei grøne kom med listeframlegg for første gong i Årdal.

I mars gjekk også frista for å stille med liste i Årdal ut, og der viste det seg at ikkje berre Venstre hadde planar om å stille til val. Også Miljøpartiet dei grøne skreiv historie. Med Sandra Opheim i spissen skulle ho seinare bli varaordførar og skaffe seg ein plass i formannskapet og kommunestyret.

Heilt på tampen av månaden kunne Porten.no også fortelje om Morten Strid som hadde vore med på å utvikle ein ny mobilapp kalla DeeMe. Appen tok av og vart svært populær. 

Til toppen