BRAKVAL: 2015 var året då Ap-bastionen nesten vart velta. Aleksander Øren Heen og Senterpartiet gjorde eit brakval og Arbeidarpartiet det motsette, men takka vere Miljøpartiet dei grøne sit Ap framleis med makta – men berre såvidt. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen. 
BRAKVAL: 2015 var året då Ap-bastionen nesten vart velta. Aleksander Øren Heen og Senterpartiet gjorde eit brakval og Arbeidarpartiet det motsette, men takka vere Miljøpartiet dei grøne sit Ap framleis med makta – men berre såvidt. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen. 

Året som var: Juli til september

Porten.no held fram med tilbakeblikket på 2015.

  • Endret

2015 var eit innhaldsrikt år for oss journalistar med meir enn nok å skrive om frå lokalmiljøet. 

Her har Porten.no prøvd å samle det me hugsar best frå året som var, og i tredje artikkelen tek me føre oss sommarmånadane og starten på hausten.

Juli

Juli var månaden då Borgund fekk ein heilt ny attraksjon. Den var heilt konge, bokstaveleg talt. Inspirert av Kong Sverre som fekk Kongevegen bygd har Per Haugen samla historia i Kong Sverres hus på Borgund. 

Artikkelen held fram under biletet.

NY ATTRAKSJON: Per Haugen er svært inspirert av Kong Sverre og historia til Kongevegen. No har han samla alt dette i Kong Sverres Hus på Borgund.
NY ATTRAKSJON: Per Haugen er svært inspirert av Kong Sverre og historia til Kongevegen. No har han samla alt dette i Kong Sverres Hus på Borgund.

I starten av juli kom også nyheita om at regjeringa vil fjerna skattlegginga på verk og bruk. Dette vil få alvorlege økonomiske konsekvensar for kommunar som til dømes Årdal. 

Ein kald vår gjorde sitt til at vårflaumen var kraftig forsinka. I starten av denne månaden derimot kom varmen og vatnet fulgte. NVE var i full beredskap. Det same var kommunane, men heldigvis slapp dei unna dei voldsomme skadene denne gongen.

Lærdalskvinna Åslaug Golf Kaardal stod kanskje for denne månadens prestasjon. I utgangspunktet hadde ho tenkt å trekka seg, men valte likevel å bli med på ekstremtløpet Xreid på Hardangervidda, der ho vann kvinneklassa med tida 24 timar og 21 minutt (!). 

Reiselivet i Årdal prega også overskriftene denne månaden. Kritikken sat laust frå folk som meinte kommunen gjorde for lite for å dra til seg turistar. Sanninga var tvert om at Årdal kanskje hadde sin beste sommar på lang, lang tid. 

Eit populært mål var Avdalen Gard, og ved hjelp av drone kunne Porten.no vise fram garden på ein heilt ny måte.

Artikkelen held fram under videoen

August

Allereie på månadens første dag skreiv Porten.no om ei sak som opptok mange, nemleg ein mystisk bil med personar som fotograferte eigedommar. Gode naboar passa på og varsla, og det vart ikkje utført noko kriminelt etter at Porten.no omtalte saka. 

I Lærdalselvi var sjølvsagt kongen på plass for å teste fiskelykka. Porten.no knipsa bileta, og det blei rapportert at kong Harald fekk fisk.

Andre helga i august var det Målrock, og årets festival var kanskje tidenes i rekka. Etter at fjorårets bles vekk, tok dei det igjen med dobbelte. Festivalen var forlenga med ein eigen friluftsdel og artistane leverte så til dei grader på scena. Ikkje rart det vart publikumsrekord.

Artikkelen held fram under videoen.

I det støvet hadde lagt seg frå denne festivalen gjekk utelivsaktørane i Øvre Årdal ut og fortalte at dei ville skipe til ny festival. Ein oktoberfest-inspirert festival vart laga til på torget i august i håp om at dette kan bli ein tradisjon.

Midtvegs i månaden besøkte helseminister Bent Høie Lærdal sjukehus. Her traff han pasientar og kunne formidla til media at det var akkurat slik Lærdal dreiv at han meinte lokalsjukehusa burde drivast.

Månadens kanskje gladaste mann var truleg Bjarne Sandvik. Veteranskyttaren har kjempa om ein medalje på landsskyttarstevnet i 40 år, og i august 2015 klarte han det endeleg. Mr. Knipenborg som han vert kalla, fekk seinare prisen Årets årdøl for sitt arbeid for skyttarsporten. 

I slutten av månaden lanserte Porten.no sin eigen valportal kalla #PortenVal, som ein del av dekninga av lokalvalet i september.

September

Dekninga av valet var ikkje liten. Porten.no gjekk knallhardt ut og intervjua alle ordførarkandidatane og skreiv om det som var å skriva om. Det var videoar og saker om både laust og fast.

I Årdal var det knytt enorm spenning til valet, og det med rette. For på valdagen small det. Arbeidarpartiet, som alltid har hatt fleirtal, rasa i veljaroppslutning, men var framleis det største partiet. Samstundes gjekk Senterpartiet kraftig fram. Det var tid for forhandlingar, og Aleksander Øren Heen (Sp) ville ha ordførarklubba.

Men slik var det ikkje. For fire dagar etter valet kalla Arbeidarpartiet og Mijøpartiet dei grøne inn til pressekonferanse. Her offentleggjorde dei eit samarbeid for dei neste fire åra, noko som sikrar dei eit fleirtal med 11 mot 10 representantar i kommunestyret.

Artikkelen held fram under biletet.

SAMARBEID: Nokre dagar etter valet annonserte Ap og MDG at dei skulle samarbeida dei neste fire åra.
SAMARBEID: Nokre dagar etter valet annonserte Ap og MDG at dei skulle samarbeida dei neste fire åra.

Det som derimot fekk mest merksemd var Sandra Opheims (MDG) kommentar om at ho hadde trekt lodd om kven dei skulle gå i sonderingsmøte med først. Dette vart mistolka som at ho trakk om kven partiet skulle samarbeide med, og sjølv riksmedia slengte seg på saka. 

I Lærdal har det alltid vore jamnt mellom Ap og Sp, men ikkje denne gongen. Sp stupte fram på målingane og auka oppslutninga med 17,7 prosent. Det betydde at Jan Geir Solheim fekk halde fram som ordførar.

Til slutt må ein ta med det som mildt sagt kan skildrast som sjeldan hending. For Inge Raa trudde knapt sine eigne augo då ein av sauene til sonen fødde eit lam i september. Ein så sein fødsel har han ikkje opplevd på 40 år. 

Til toppen