LAVA: 2015 var året då dei originale medlemane i Lava stod på scena saman for første gong på 18 år. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LAVA: 2015 var året då dei originale medlemane i Lava stod på scena saman for første gong på 18 år. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Året som var: Oktober til desember

Porten.no held fram med tilbakeblikket på 2015.

2015 var eit innhaldsrikt år for oss journalistar med meir enn nok å skrive om frå lokalmiljøet. 

Her har Porten.no prøvd å samle det me hugsar best frå året som var, og i den fjerde artikkelen tek me føre oss dei siste månadane av året.

Oktober

Etter ein forferdeleg beitesesong i 2014 kunne Ole Bjarne Hovland og dei andre sauebøndene i Årdal og Lærdal smile for 2015. Tala viste at det knapt vart tatt sau samanlikna med året før. 

Ein fantastisk sesong hadde det også vore for reiselivet i Årdal som kunne visa til vekst i besøkstala og økonomien. Det er sjølvsagt gledeleg for ein kommune som verkeleg skal satse på denne næringa i åra som kjem.

Meir glede i Lærdal då det vart lagt fram rapport på gyro i elva. Tre år etter behandlinga er det framleis ikkje spor etter gyroen, men det er framleis for tidleg å friskmelda. 

I oktober er det også på tide å ta opp att tråden på Årdal FK, som etter ein formidabel haustsesong gjekk på sitt første tap på ni kampar mot Florø 2. Tapet gjorde at dei ikkje trygga plassen i divisjonen, men den fantastiske haustformen hadde likevel gjort nok til at det havna trygt på 10. plass til slutt. 

Artikkelen held fram under biletet.

SIKRA PLASSEN: Med god hjelp frå Preben Strypet sikra Årdal plassen i 3. divisjon etter ein formidabel haustsesong.
SIKRA PLASSEN: Med god hjelp frå Preben Strypet sikra Årdal plassen i 3. divisjon etter ein formidabel haustsesong.

Ei sak som også fekk mykje omtale var kraftverket i Nundalen. Som ein del av avtalen med MDG snudde Ap i denne saka etter først å ha vore positiv til kraftutbygging. I desember gav NVE likevel konsesjon.

Musikklivet i Årdal har alltid vore godt, og dette har Hugin Musikkforum med forfattar Jan Egil Fimreite fanga i ei bok. I slutten av oktober gav dei ut «Rockebolet», og i samband med lanseringa var det sjølvsagt konsert. Her spelte Lava saman for første gang på 18 år. 

I kommuneøkonomien til Lærdal var alt fryd og gammen kunne Porten.no melde midtvegs i månaden, men så vart ordførar Jan Geir Solheim sjukmeld. Kort tid etter balla det på seg. Svikt i skatteinntekter, fram med spareøksa og nedbemanning. Kommunen stod føre ei økonomisk krise som sette heile organisasjonen i sving. Først i desember landa dei folkevalde på gode løysingar.

STORE KUTT: I slutten av oktober kom nyheita om at Lærdal kommune har fått melding om dramatisk svikt i inntekter. Det gjer at dei må sjå på alle moglegheiter for å kutta på drifta av kommunen, slik at dei på kort sikt klarar å spare inn kring 10 millionar kroner. 
STORE KUTT: I slutten av oktober kom nyheita om at Lærdal kommune har fått melding om dramatisk svikt i inntekter. Det gjer at dei må sjå på alle moglegheiter for å kutta på drifta av kommunen, slik at dei på kort sikt klarar å spare inn kring 10 millionar kroner. 

På tampen av månaden var det ein stor dag for vegprosjektet på Filefjell. Den 27.10 kunne Statens vegvesen markere gjennomslag i Filefjellstunnelen, som skal sikra ei enda tryggare ferd over fjellet om vinteren.

November

Frå fotballens verd var det jente 11-laget til Lærdal IL som stod for den flottaste prestasjonen. Dei gjekk nemleg gjennom heile sesongen utan å tapa ein einaste kamp. 

Gjennom heile hausten har flyktningkrisa fått enorm mediedekning verda over. I Noreg har kommunane stilt opp for å ta imot flyktningar. I Årdal lagde dei til konsert for å samla inn pengar. Denne månaden kom også nyheiten om at det kunne komme asylmottak i Lærdal, noko som vart stadfesta seinare, men UDI sa nei til ei etablering på Borgund med ordførar Solheim som ein av initiativtakarane bak. Årsaka var at det mangla nokre kommunale godkjenningar, men ordføraren har ikkje gitt opp håpet.

Kommunereforma kom også opp att på bordet denne månaden. Etter ein rapport bestilt av Sogn regionråd vart lagt fram, kom Årdal fram til tre løysingar. Å stå åleine, ÅLA-samarbeid eller ein storkommune med Sogn. I Lærdal landa dei same løysingane. I januar 2016 vil denne praten hentast opp att.

13.11 er ein dato som for alltid vil bli hugsa. Det var denne dagen det tragiske terrorangrepet i Paris skjedde, og sjølv inst i Sogn råka det menneske frå lokalsamfunnet som var tilstades i Paris då det skjedde. 

For Hege Bakken Wahlquist var dette også ein stor månad då årdalskvinna vart utteken på rekruttlandslaget. Wahlquist svarte med å score og fekk verkeleg synt seg fram.

Artikkelen held fram under biletet.

LANDSLAGET: Hege Bakken Wahlquist fekk vist seg fram med flagget på brystet.
LANDSLAGET: Hege Bakken Wahlquist fekk vist seg fram med flagget på brystet.

Desember

I desember kom Jostein Avdem Fretland heim att til Sogn for å syne fram musikkstykket han hadde laga saman med kollega og ven Fredrik Høstaker. Fretland er ein dyktig kar og god ambassadør for Lærdal.

På fylkestinget vart samferdsle ei viktig sak då Seimsdalstunnelen og prioriteringa av denne kom på bordet. Medan Hilmar Høl og Ap ville ha den som førsteprioritet, ville Sp også det same, men med eit litt anna framlegg. Dette førte til stor diskusjon, også på Porten.no. 

Meir tunnel: Etter ein lang portefølje om Bermålstunnelen, kunne Statens vegvesen endeleg fortelja at dei skal i gang med oppgraderinga etter nyttår. Etter planen skulle arbeidet starta i haust, men då Vegvesenet hadde bomma på kostnadsoverslaget i utlysinga, vart heile saka utsett i over ein månad. 

På Årdalstangen var Oddgeir Øren heilt på gråten då han fortalte den fantastiske korpsnyheita om at trompetisten Ben Hirons skal kome til Tangen skule for å undervise elevar i messinginstrument.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ GRÅTEN: Dirigent i Årdalstangen Musikklag, Oddgeir Øren, hadde store problem med å halde tårene tilbake då han slapp ei gladeleg korpsnyheit.
PÅ GRÅTEN: Dirigent i Årdalstangen Musikklag, Oddgeir Øren, hadde store problem med å halde tårene tilbake då han slapp ei gladeleg korpsnyheit.

Sjølv om han ikkje var på gråten, var nok Terje Svori minst like glad då han som leiar i Hugin Musikkforum mottok Kulturprisen på vegne av Hugin. Kulturprisen blir delt ut av Årdal kommune. 

Dette skjedde berre nokre timar før politikarane i Årdal landa budsjettet for 2016. Den største nyheita herfrå var kanskje at dei har funne midlar til å opne friluftsbassenget på Årdalstangen komande år. 

Jubel var det også i Lærdal då det blei klart at Gymloftet får flytta inn i nye lokale og ikkje må legga ned. 

Artikkelen held fram under biletet.

FÅR HALDE FRAM: Nye lokale og nytt namn; i midten av januar flyttar Gymloftet. DA. Tom Stian Nundal (f.v) og Kjell Olav Bjørkum, eig og driv treningsstudioet på Lærdalsøyri. Arkiv
FÅR HALDE FRAM: Nye lokale og nytt namn; i midten av januar flyttar Gymloftet. DA. Tom Stian Nundal (f.v) og Kjell Olav Bjørkum, eig og driv treningsstudioet på Lærdalsøyri. Arkiv

Året vert avslutta med nyheita om at samferdselsministeren vil gå for E134 som ein av to hovudvegar mellom aust og vest. Det betyr at det framleis heng i lause lufta om Hemsedalsfjellet kjem inn. Det vil i så fall bety mykje for Lærdal. 

På næringslivsfronten var det mykje glede blant innbyggarane i Årdal då Eilert Olsen, Line Moen og Oddny Karin Børtnes annonserte at dei skal satse på møblar i det gamle Domus-bygget. 

Til toppen